Hopp til innhald

Alexander Archipenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Archipenko

Fødenamn ukrainsk Олександр Порфирович Архипенко, Oleksandr Porfyrovitsj Arkhipenko;

russisk Алекса́ндр Порфи́рьевич Архи́пенко

Pseudonym Archipenko, Alexandre, Arkhīpenko, Aleksandr, Arkhypenko, Oleksander Porfyrovych
Statsborgarskap Det russiske imperiet, USA
Fødd 30. mai 1887
Kyiv
Død

25. februar 1964 (76 år)
New York by

Yrke bilethoggar, kunstmålar, grafisk designar, illustratør, fotograf, collagist, designar, bygningstegner
Språk russisk
Sjanger figure, akt, stilleben, abstrakt kunst
Medlem av American Academy of Arts and Letters, Supremus, Q12134810
Alexander Archipenko på Commons

Alexander Archipenko (30. mai 188725. februar 1964) var ein ukrainsk-amerikansk skulptør og grafisk kunstnar.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]
Kvinne kjemmer håret, 1914
Byste av Taras Sjevtsjenko frå 1939 i Cleveland Cultural Gardens i Ohio.

Archipenko var fødd i Kiev i Ukraina, den gongen i Tsar-Russland. Han byrja måle i den impresjonistiske stilen, og utvikla seg vidare gjennom stilartar som kubismen og konstruktivismen. Han kom i 1908 til Paris, der han slutta seg til krinsen kring Pablo Picasso, og var ein tidleg talsmann for moderne, framfor alt den kubistiske, skulpturen.

På 1920-talet høyrde Archipenko med mellom dei mest radikale og dristige i utviklinga av skulptur. I verk frå denne tida er naturformene knapt til stades. Store utstillingar av verka hans fann stad i Berlin i 1922 og New York i 1924. Samstundes busette han seg i USA. Seinare vende han tilbake til ei meir røyndomsnær oppfatning av former. Dei vanlegaste materiala i skulpturane hans er stein eller metall.

I 1937 vart verk av Archipenko tek med på nazistane si utstilling i München av det dei kalla Entartete Kunst.

Han døydde i New York.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Alexander Archipenko