Alf Ramsey
Sir Alfred («Alf») Ernest Ramsey (fødd 22. januar 1920 i Dagenham i Essex, død 28. april 1999 i Ipswich) var ein engelsk fotballspelar og fotballtrenar, best kjend for å ha vunne gull som engelsk landslagstrenar i fotball-VM 1966. Som aktiv spelar var han ein dugande høgreback, og vart mellom anna engelsk ligameister med Tottenham Hotspur sesongen 1950/51.[1] I perioden 1948-1953 spelte Ramsey til saman 32 landskampar for det engelske landslaget.
I 1963 vart han tilsett som landslagstrenar for England etter Walter Winterbottom. Trass i låge forventingar motiverte han laget fram til siger i verdsmeisterskapen i fotball i 1966, etter å ha vunne 4–2 over Vest-Tyskland i finalen. Han vart slegen til riddar i 1967, og heldt fram som trenar for landslaget til 1973.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Sir Alfred Ernest Ramsey», Encyclopædia Britannica, 2020.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Solheim, Tor Håkon: «Alf Ramsey» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. juli 2020
- Fødde i 1920
- Døde i 1999
- Einskildmenn
- Engelske fotballtrenarar
- Engelske fotballspelarar
- Spelarar i Fotball-VM 1950
- Trenarar i Fotball-VM 1966
- Trenarar i Fotball-EM 1968
- Trenarar i Fotball-VM 1970
- Tottenham-spelarar
- Southampton-spelarar
- Ipswich-trenarar
- Birmingham-trenarar
- Trenarar for engelske fotballandslag
- Folk frå Barking and Dagenham