Apache OpenOffice
Apache OpenOffice | |||
| |||
Utviklar | Apache Software Foundation | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 8. mai 2012 (nokolunde omtrentleg verdi)[1] | ||
Nyaste versjon | 4.1.15 (22. desember 2023)[2] | ||
Plattform | Java Virtual Machine | ||
Operativsystem | GNU/Linux, Microsoft Windows, macOS, BSD | ||
Skriven i | C++, Programmeringsspråket Java | ||
Sjanger | Kontorpakke | ||
OS-familie | OpenOffice.org, StarOffice | ||
Type | Innholdsforvaltning | ||
Lisens | Apache License 2.0 | ||
Nettstad | https://www.openoffice.org/ |
Apache OpenOffice er ein kontorpakke som er basert på StarOffice. Programmet er eit gratis og fritt motstykke til Microsofts Microsoft Office. Apache OpenOffice er tilgjengeleg på mange språk, mellom anna både bokmål og nynorsk. Det finst versjonar for ulike operativsystem som MS Windows, FreeBSD/Unix/Linux og Mac OS X. Han støttar også det ISO-standardiserte OpenDocumentformatet og nyttar det som standard filformat.
Apache OpenOffice kjem opphavleg frå StarDivision, eit tysk selskap som starta opp på 1980-talet. Hovudproduktet deira var programvarepakka StarOffice. I 1999 kjøpte Sun Microsystems opp selskapet. Eitt års tid etterpå opna Sun kjeldekoden og la dermed grunnlaget for Apache OpenOffice. StarOffice blei samtidig vidareført som kommersielt produkt, og dei to programpakkane blir framleis utvikla i tett samarbeid.
27. januar 2010 blei Sun Microsystems kjøpt opp av Oracle, og dei heldt fram utviklinga eit drygt år før dei i april 2011 vedtok å leggje ned satsinga si på OpenOffice og donerte prosjektet til Apache Software Foundation[3]. I mai 2012 gav Apache ut den fyrste Apache-lisensierte versjonen[4], og bytta samtidig offisielt namn frå OpenOffice.org til Apache OpenOffice[4]. Tidlegare hadde programpakken vore lisensiert under den meir restriktive lisensen LGPL. I samband med oppkjøpet av Sun gjekk mange av utviklarane av OpenOffice.org over til å utvikle kontorpakka LibreOffice, ei forgreining av OpenOffice.org 3.3.
Programpakka inneheld teksthandsamar, rekneark, teikneprogram, presentasjonsprogram og mykje anna. Apache OpenOffice kan både lese og lagre dei filformata som Microsoft Office brukar.
Grunna lisensproblem kjem ikkje Apache OpenOffice med innebygde norske ordbøker, desse må verte lasta ned etterpå separat på eiga hand.
Påskeegg
[endre | endre wikiteksten]- Ved å starte programmet Calc og skrive =Game("StarWars") i ei av cellene, dukkar det opp ein versjon av spelet Space Invaders. Om du derimot prøver å starte spelet på ny, kjem meldinga «oh no, not again». For å kunne spele meir lyt du difor avslutte Openoffice fullstendig.
- Ved å starte Calc og skrive =Game(A1:C3;"TicTacToe") til celle A4, dukkar spelet Tic-tac-toe opp.
- Ved å starte Calc og skrive =StarCalcTeam() i ei av cellene, dukkar det opp eit bilete av utviklarane og namna deira vert skrivne til cella.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Product Release». Henta 14. desember 2020.
- ↑ «Announcing Apache OpenOffice 4.1.15». 22. desember 2023. Henta 25. februar 2024.
- ↑ Brombach, H., Vil donere OpenOffice.org til Apache Arkivert 2012-01-02 ved Wayback Machine., digi.no, 3/6-2011.
- ↑ 4,0 4,1 The Apache OpenOffice Project Announces Apache OpenOffice™ 3.4, openoffice.org, 8/5-2012.