Hopp til innhald

Arvidsjaur

Koordinatar: 65°35′33.112″N 19°10′35.890″E / 65.59253111°N 19.17663611°E / 65.59253111; 19.17663611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°35′33.112″N 19°10′35.890″E / 65.59253111°N 19.17663611°E / 65.59253111; 19.17663611

Arvidsjaur kyrkje

Arvidsjaur er ein svensk tettstad som ligg i Norrbottens län i landskapet Lappland. Han er administrasjonssenter i Arvidsjaurs kommun og i 2005 hadde tettstaden 4 644 innbyggjarar. Arvidsjaur ligg ved E45 cirka 110 kilometer sør for polarsirkelen og 160 kilometer vest for Luleå.

Arvidsjaur er ein stasjon på Inlandsbanan, og var tidlegare eit jernbaneknutepunkt med jernbanelinje til JörnStambanan genom övre Norrland. Tverrsambandet Arvidsjaur-Jörn har derimot vore nedlagt sidan 1990.[1]

Arvidsjaur lufthamn ligg 11 kilometer frå tettstaden og har daglege samband til Stockholm Arlanda.

  1. Jörn-Arvidsjaur på järnväg.net, arkivert frå originalen 18. mars 2012, henta 29. juni 2012