Hopp til innhald

Arild Nyquist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arild Nyquist
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1937
Oslo
Død

21. desember 2004 (67 år)
Asker

Yrke lyrikar, skribent, musikar
Medlem av Trio Tre
Mor Gerd Nyquist

Arild Nyquist (6. mars 193721. desember 2004) var ein norsk forfattar, musikar, biletkunstnar og sceneartist.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Nyquist var fødd i Oslo som son til forfattaren Gerd Nyquist. Han byrja på Statens håndverks- og kunstindustriskole for å verta målar, men debuterte som forfattar i 1963 med romanen Ringer i et sommervann. Han utdanna seg ved Statens Lærerskole i forming og frå 1968 til 1976 arbeidde han som formingslærar i Lofoten, der han hadde budd sidan 1963. Den første diktboka hans Nå er det jul igjen! og andre dikt frå 1972 fekk kritikarane til å ta fram dei store orda, om ikkje nett godorda. Nonsensdikta fall ikkje i god jord hjå kritikarstanden. Inspirert av dette, blei diktet sterkt negativt framstilt også på Stortinget i ein debatt om Norsk kulturfond og innkjøpsordninga av ny norsk litteratur.[1]

Etterkvart skulle både kritikarane og lesarane like bøkene hans betre. I tillegg til bøker av mange ulike slag laga han også plater der han framførte eigne tekstar til musikk.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1963 Ringer i et sommervann, roman
  • 1971 Dexter & dodater, prosatekstar
  • 1971 Frakken tegner og forteller, prosalyrikk
  • 1972 Nå er det jul igjen! og andre dikt, dikt
  • 1973 Abel XIV, roman
  • 1974 Blæsch og andre historier, forteljingar
  • 1974 Eplehøst
  • 1975 Fra feriehuset September, dikt og prosatekstar
  • 1976 Barndom, sjølvbiografisk roman
  • 1977 R. Fortellinger for nordmenn, forteljingar
  • 1978 Da onkel Krokodille og fetter Bamse dro til byen, barnebok
  • 1978 Kollvikabrev, epistlar
  • 1978 Snekkerne kommer, biletbok
  • 1979 Kelner!, dikt og tekstar
  • 1979 Eventyrhagen, dikt for barn
  • 1980 Skalden Odvar og andre svingslag, petit og dikt
  • 1981 Abborfiske i Norge, reiseroman
  • 1981 I avisen, roman, illustrert av Finn Graff
  • 1982 Tomme bord, og, leste den andre veien: Epleslang, visebok
  • 1982 På Geilo, sa Tom, novellesamling
  • 1982 Reisen til Drammen
  • 1982 Mil etter mil - Jostein Wilmann går i brudd, barnebok
  • 1983 Flyvende fru Rosenkrantz
  • 1984 Mr. Balubers trompet, dikt og tekstar
  • 1984 Lille Per - og enda mer, barnebok
  • 1985 Havet. Et dikt om livet og døden, dikt, illustrert av Bjørn Willy Mortensen
  • 1986 Løp, Johan - vent!, roman
  • 1987 Slemme Lars
  • 1987 Onkel Monokkel og trommeslageriet, barnebok, illustrert av Hans Normann Dahl
  • 1988 Giacomettis forunderlige reise, roman
  • 1988 God dag og adjø. Ord og bilder i hverandre
  • 1990 Barberstol & Tomater
  • 1990 Jeg heter Arild, illustrert av Tor Bomann-Larsen
  • 1991 Bilder. Reiser, epistlar og fortellingar
  • 1991 Sorg er en pike, illustrert av Fam Ekman
  • 1992 Tenk om!, illustrert av Finn Graff
  • 1992 Nå er det jul igjen! - Tyve år etter,dikt
  • 1992 Høst i august, dikt, prosadikt og viser
  • 1993 Herr Blaas vakre verden, novelle, illustrert av Marek Woloszyn
  • 1993 Ungdom, sjølvbiografisk roman
  • 1994 Mort, fortellingar
  • 1994 Noen, dikt
  • 1995 Om livet i Lofoten, tekstar, fotografi av Kjell Olav Storvik
  • 1995 Knapphuset, novellesamling
  • 1995 ? Romanen Novellen, prosatekst
  • 1996 Fra Lofoten til Cap Ferrat, epistlar
  • 1997 Så lenge det er ørret er det håp, Arild, dikt og forteljingar
  • 1997 Gullens drøm om en øy, roman
  • 1998 Arilds hus, dikt
  • 1998 Ensom dronning og andre dikt, dikt
  • 2000 Sølvfiskene og andre eventyr (for voksne)
  • 2001 Nøkken forteller, roman
  • 2003 Krokodillesang, dikt for barn
  1. ««Nå er det jul igjen» – glimt frå innkjøpsordningas parlamentariske pubertet», Biblioteket tar saka #librarycase (på norsk bokmål), 15. desember 2023, henta 16. desember 2023