Arne Foldvik
Arne Foldvik | |||
Fødd | 6. april 1930 Tromsø kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | oseanograf | ||
Institusjonar | Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Arne Foldvik (fødd 6. april 1930 i Tromsø) er ein norsk oseanograf.
Han har vore tilknytt Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen frå 1960 og har frå 1985 vore professor. Han har arbeidd med generell oseanografi og meteorologi, men har særleg konsentrert seg om polarforsking etter 1970. Han leia fleire ekspedisjonar til polarområda i samarbeid med forskarar frå både inn- og utland. Dette har mellom anna ført til ny og betre kunnskap om djupvassdanning og havklima. Foldvik la grunnlaget for polaroseanografi som nytt fag ved Universitetet i Bergen, og var med på å bygge opp universitetsstudiar på Svalbard (UNIS).
Han har òg hatt styreverv ved Geofysisk institutt ved UiB og ved Oceanografiska Institusjonen ved Göteborgs Universitet. Frå 1992 er han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. Han vart tildelt Framkomiteens Nansen-belønning og diplom i 1990.
Utgjevingar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- Conditional instability of sea water at the freezing point (saman med T. Kvinge), 1974
- Verdens kaldeste sjøvann (saman med H. Gade), 1978
- Low frequency Currents and Continental Shelf Waves in the Southern Weddell Sea (saman med J. H. Middleton og T. D. Foster), 1982
- Hvorfor havet er så rikt?, 1983
- Mixing and Bottom Water Formation in the Shelf Break Region of the Southern Weddell Sea (saman med T. D. Foster og J. H. Middleton), 1987
- The tides of the Southern Weddell Sea (saman med J. H. Middleton og T. D. Foster), 1990
- Modelltanken ved Geofysisk Institutt, 1999