Hopp til innhald

As-Safira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
As-Safira
السفيرة, Sipri
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo
Distrikt As-Safira
Nahiyah As-Safira
Høgd 348 moh.
Koordinatar 36°04′N 37°22′E / 36.067°N 37.367°E / 36.067; 37.367
Folketal 106 382  (2007)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
As-Safira
36°04′37″N 37°22′21″E / 36.076944444444°N 37.3725°E / 36.076944444444; 37.3725
Kart som viser As-Safira.
Kart som viser As-Safira.
Kart som viser As-Safira.

As-Safira (arabisk السفيرة, as-Safīrah; nordsyrisk arabisk Sfīre) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Aleppo guvernement. Han er det administrative senteret for as-Safira-distriktet. As Safīrah har ei høgd på 348 moh, og ein folkesetnad på 106 382 i 2007, og han er den 11. største byen i Syria.

Mellomaldergeografen Yaqut al-Hamawi skreiv namnet som Asfīrah[1] (أسفيرة), ikkje as-Safira (السفيرة), som indikerer at den bestemte artikkelen i den moderne stavinga kjem av overkorrektur.

As-Safira vart i før-islamsk tid kalla Sipri.[2] Historikarar[3] trur at namnet Sipri kan ha kome frå det akkadiske ordet siparru som tyder «bronse», noko som indikerer at det kan ha vore gruvedrift etter kopar og produksjon av bronse her.

Sidan antikken har byen vore eit mellomledd i saltproduksjonen frå Sabkhat al-Jabbul som ligg i nærleiken.

  1. le Strange, 1890, s. 400
  2. Ball, Warwick (2006) «Deserts edges» Syria: A Historical And Architectural Guide Interlink Publishing Group, Northampton, Massachusetts, page 157, ISBN 1-56656-665-7
  3. Notably Dossin and Lewy, see Sasson, Jack M. (1966) «A Sketch of North Syrian Economic Relations in the Middle Bronze Age"[daud lenkje] Journal of the Economic and Social History of the Orient 9(3): s. 161–181, page 169, note 2