Auguste Bravais
Utsjånad
Auguste Bravais | |||
Auguste Bravais (ca. 1850) | |||
Fødd | 23. august 1811 Annonay | ||
---|---|---|---|
Død | 30. mars 1863 (51 år) Le Chesnay | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | krystallografi | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, krystallograf, matematikar, astronom, botanikar, plantesamlar | ||
Institusjonar | Université de Lyon | ||
Alma mater | École polytechnique Collège Stanislas de Paris | ||
Kjend for | Bravais-gitter | ||
Medlem | Société philomathique de Paris Det franske vitskapsakademiet Det bayerske vitskapsakademiet Académie des sciences, belles-lettres et arts de Lyon |
Auguste Bravais (23. august 1811–30. mars 1863) var ein fransk fysikar og astronom.
Han var marineløytnant og professor i astronomi i Lyon og i fysikk ved École polytechnique i Paris. Han gjorde mange vitskaplege reiser, mellom anna i 1838–39 til Nord-Noreg og Svalbard. På denne reisa med korvetten «La Recherche» utførte han dei første målingane av strandlinja mellom Hammerfest og Alta, og påviste at høgda til strandlinjea over havet stig innover fjorden. Han gjorde viktige arbeid i krystalloptikk, og var den første som forklarte bygginga til krystalla ved å anta at molekyla er ordna i romgitter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Auguste Bravais. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.