Az-Zawiya
az-Zawiya | |||
الزاويه, az-Zawia, al-Zawiya | |||
kommune | |||
Namneopphav: Hjørne, eremitasje[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salfit guvernement | ||
Koordinatar | 32°05′45″N 35°02′24″E / 32.09583°N 35.04000°E | ||
Areal | 2,7 km² | ||
Folketal | 4 754 (2007) | ||
Folketettleik | 1 761 / km² | ||
Bystatus | 1996 | ||
Borgarmeister | Taleb Raddad | ||
Az-Zawiya 32°05′45″N 35°02′24″E / 32.095833333333°N 35.04°E | |||
Kart som viser Az-Zawiya.
| |||
Wikimedia Commons: Az-Zawiya, Salfit |
Az-Zawiya (arabisk الزاويه) er ein palestinsk by i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 15 kilometer vest for Salfit og 24 kilometer sør for Qalqilya. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde az-Zawiya eit folketal på 4 754 i 2007.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zawiya var oppført i 1596 på osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han har eit folketal på fire hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.[3] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skildra han som ein stad med kring 200 innbyggjarar og ein liten moské.[4] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som mellomstor, «truleg ein eldgammal stad, med graver hogde ut i berget i sør.»[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Zawiya (kalla Zawiyeh) eit folketal på 396, to kristne og resten muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 122 busette hus og eit folketal på 513, alle muslimar.[7]
I 1945 var folketalet 720 medan det samla landarealet var 11 516 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 964 for plantasjar og irrigert land, 2 055 for korn,[9] medan 41 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Palmer, 1881, s. 250
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132.
- ↑ Guérin, 1875, s. 145
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 287
- ↑ Barron, 1923, Table IX, s. 26
- ↑ Mills, 1932, s. 66
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 108
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158
- Denne artikkelen bygger på «Zawiya, West Bank» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique, Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2:Samarie; pt. 2.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Velkomen til al-Zawiya
- Az Zawiya Town (Fact Sheet), ARIJ
- Az Zawiya Town Profile, ARIJ
- Az Zawiya Areal photo, ARIJ
- Construction works in The Segregation Wall resumed The case of As Sawiya landsby Salfit guvernement[daud lenkje], ARIJ, 21, May,2005
- More of Az Zawiya landsby lands confiscated for the construction of a security road Arkivert 2011-05-24 ved Wayback Machine. 09, oktober, 2006