Hopp til innhald

BZFlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjermskot frå BZFlag.

BZFlag (Forkortning av Battle Zone capture the Flag) er eit dataspel basert på open kjeldekode og OpenGL. Spelaren køyrer ein stridsvogn frå eit fyrste persons perspektiv. Spelarane er oppdelt i lag, og skal skyte stridsvogner frå det andre laget. Ein spelar må fyrst kopla seg opp mot ein speltenarInternett som definerer reglar og utsjånaden til den verda ein speler i. Den som køyrer speltenaren kan sette opp eigne reglar for sitt spel. Ei verd kan bli sett opp som «Capture the flag» (Fang flagget), der kvart lag skal beskytte sitt flagg og samtidig prøve å fange motstandarens flagg. «Rabbitt Chase» (Kaninjakt) gåt ut på at ein av spelarane fungere som kanin og skal jaktast på av dei andre spelarane. «Free for all»(Fritt fram) går ut på å skyte motstandaren utan noko vidare objektiv.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.