Hopp til innhald

Bombefly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit amerikansk B-29 Superfort bombefly over Korea, august 1951.

Bombefly er militære fly som er utvikla med det føremålet å angripe fiendtlege mål på bakken eller til sjøs. Dette ved gjort ved å sleppe bomber over målet som skal øydeleggjast. Ein skil òg mellom strategiske og taktiske bombefly. Strategiske bombefly bombar gjerne strategiske mål som våpenfabrikkar og viktig økonomisk infrastruktur, medan taktiske bombefly gjerne støttar eigne manøverelement i nærleiken av fronten eller der den væpna striden går føre seg. Bombeflya er til vanleg verna av jagarfly.

Eit B-17 Flying Fortress, eit av dei best kjende bombeflya frå andre verdskrigen.

Mellom kjende bombefly kan nemnast: B-2 Spirit, Boeing B-17 Flying Fortress, Boeing B-52 Stratofortress og Avro Lancaster