Hopp til innhald

Bombinga av DS «Framnæs» 1944

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bombinga av DS «Framnæs» 1944 fann stad i november 1944, då DS «Framnæs» vart skoten i brann av 30 allierte fly i Kjelkenes i Bremanger i Sogn og Fjordane. Av dei kring 70 passasjerane ombord vart fem drepne, fire passasjerar og ein av mannskapet, og ni var hardt såra.

Flya bomba også ein konvoi, DS «Helga Ferdinand» og DS «Aquilla» vert sette i brann og forliste, fire tyskarar fall og ti vart såra i åtaket.