Babylonsk matematikk
Babylonsk matematikk er matematikken som utvikla seg i Mesopotamia for opp til 5000 år sidan. Alt på 3000-2000 f.Kr. hadde babylonarane eit velutvikla system for å uttrykke tal og talrekningar. Babylonarane nytta eit seksagesimal-system som vil seie eit posisjonssystem med grunntal 60. Stillinga til sifferet avgjorde tydinga som i vårt desimalsystem. I somme tilfelle nytta dei òg eit teikn for null. Det store grunntalet 60 har ein forklart ved at to tidlegare talsystem var smelta saman.
Dei nytta store talrekningar i samband med astronomiske utrekningar, og fleire moderne inndelingar kan sporast attende til babylonske kjelder, til dømes inndelinga av ein vinkel i gradar, minutt og sekund. At sirkelen er inndelt i 360° kjem truleg at dei rekna året til å bestå av 360 dagar, slik at éin grad svarer til eit dagleg skritt av sola i ekliptikken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«babylonsk_matematikk» av Karl Egil Aubert i Store norske leksikon, snl.no.