Basilikum
Utsjånad
Basilikum | |
Basilikum | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Slekt: | Ocimum |
Art: | Basilikum O. basilicum |
Vitskapleg namn | |
Ocimum basilicum |
Basilikum (Ocimum basilicum) er ei krydderurt i leppeblomfamilien. Det er dyrka fram mange basilikumkultivarar og hybridar med ulike bladstorleikar og smakar.
Basilikum stammar frå Sør-Asia og Iran.[1] Planten blir i dag dyrka i store delar av verda, og er viktig i søraustasiatisk og italiensk mat.
Urta kan brukast frisk eller tørka. Basilikum blir mellom anna brukt til kjøt, fisk og salatrettar, og i ulike sausar, som pesto.
Basilikum har hjarteforma blad, og desse er derfor eit kjærleikssymbol i Italia.[1]
Eit einaste funn er registrert i Noreg.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Basil» (2015), Encyclopædia Britannica
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1165.