Bekkasinsniper
Bekkasinsniper | |
Langnebbekkasinsnipe (Limnodromus scolopaceus) Foto: Tim Bowman
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Bekkasinsniper Limnodromus zu Wied-Neuwied, 1833 |
Bekkasinsniper (Limnodromus) er ei lita biologisk slekt i snipefamilien, Scolopacidae. Dei tre artane er mellomstore vadefuglar med lange nebb og middels lange bein.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Bekkasinsniper er omtrent like store som ein enkelbekkasin og liknar både bekkasinar og lappspovar i kroppsform, rørsler, og i den raudlege hekkedrakta, men skil seg frå ved dei med monaleg kortare beina. Nebbet til bekkasinsniper er særmerkt langt, tjukkare mot tuppen og nesten umerkeleg nedbøygt. I alle draktene syner dei ei tydeleg augebrynstripe. Dei middels lange beina, som kan virke relativt korte, er grønaktige. I flukta kan ein kvit, avlang oval flekk sjåast på ryggen. Vengene har ein smal kvit bakkant.
Bekkasinsniper hekkar i gras og mosetuer på bakken, aldri langt frå vatn og dei beitar hovudsakleg på sniglar, insekt og andre virvellause dyr som dei lokaliserer med hjelp av dei lange nebba i gjørma i vassmiljøet. Meir sjeldan tar dei òg planteføde.
- Artslista
- Kortnebbekkasinsnipe (Limnodromus griseus), hekkefugl med tre underartar i Canada og søraustre Alaska. Denne arten overvintrar i kystområde av det sørlege USA gjennom kystane av Mellom-Amerika og Karibia til Peru og Brasil og kan svært sjeldan observerast som streiffugl i Vest-Europa inkludert Noreg.[1]
- Langnebbekkasinsnipe (Limnodromus scolopaceus), hekkar på tundraen i Nord-Amerika og Nordaust-Sibir, trekkjer vinterstid til det sørlege USA og Mellom-Amerika. Dei blir sjeldan, men regelmessig observert i Vest-Europa. Til dømes blei einslege langnebbekkasinsniper notert totalt 16 gonger i Noreg i perioden 2000-2015.[2] For dei fleste observasjonane handlar det mest om unge fuglar som kjem spesielt i september og oktober til Europa.[3]
- Asiabekkasinsnipe (Limnodromus semipalmatus), hekkar på steppene i sørlege Sibir, Mongolia og Nordaust-Kina, om vinteren trekkjer denne arten til Søraust-Asia, Australia og New Zealand, viktige overvintringsområdene er Delta Banyuasin i Sumatra og Ujung Pangkah på Java.[4]
Dei to amerikanske artane er vanskeleg å skilja frå kvarandre, dei var òg tidlegare trudd å vere same arten. Den tredje arten i slekta, den nokså sjeldne asiabekkasinsnipa, er heller lite kjent.
Alle tre artane er trekkfuglar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Schlammläufer» frå Wikipedia på tysk, den 9. august 2016.
- Referansar
- ↑ Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Short-billed Dowitcher (Limnodromus griseus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2016
- ↑ Søk på artsobservasjoner.no den 9. august 2016
- ↑ Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Long-billed Dowitcher (Limnodromus scolopaceus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2016
- ↑ Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Asian Dowitcher (Limnodromus semipalmatus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2016
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- BirdLife International (2016) Species factsheet: Limnodromus griseus Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. august 2016
- BirdLife International (2016) Species factsheet: Limnodromus scolopaceus Arkivert 2016-08-12 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. august 2016
- BirdLife International (2016) Species factsheet: Limnodromus semipalmatus Arkivert 2016-08-22 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. august 2016