Hopp til innhald

Bellingshausenhavet

Koordinatar: 71°S 85°W / 71°S 85°W / -71; -85
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Antarktis med Bellingshausenhavet til venstre.
Eit kart over Den antarktiske halvøya med plasseringa til havet nedst til venstre.
Plasseringa til Den antarktiske halvøya i Antarktis.

Bellingshausenhavet er eit havområde langs vestsida av Den antarktiske halvøya, vest for Alexander Island, aust for Cape Flying FishThurston Island, og sør for Peter I Øy.[1] I sør ligg, frå vest til aust, Eights Coast, Bryan Coast og vestlege område av English Coast i Vest-Antarktis. Vest for Cape Flying Fish ligg Amundsenhavet.

Bellingshausenhavet har eit areal på 487 000 km² og er på det djupaste 4470 meter.[2]

Havområdet er kalla opp etter admiral Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som utforska området i 1821.

Seint i pliocen, for kring 2,15 millionar år sidan, landa Eltanin-asteroiden her. Dette er det einaste kjende nedslaget på djupt hav i verda.[3]

  1. Australian Antarctic Data Centre, Antarctic Gazetteer: Bellingshausen Sea
  2. Gazetteer «About countries»: Bellingshausen (sea), arkivert frå originalen 23. august 2011, henta 14. oktober 2012 
  3. Gersonde, Rainer; F. T. Kyte; T. Frederichs; U. Bleil; H.-W. Schenke; G. Kuhn; Frank T. (2005). «The late Pliocene impact of the Eltanin asteroid into the Southern Ocean – Documentation and environmental consequences» (PDF). Geophysical Research Abstracts 7. 1607-7962/gra/EGU05-A-02449. Henta 14. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

71°S 85°W / 71°S 85°W / -71; -85