Ben Bernanke
Ben Bernanke | |||
| |||
Fødd | 13. desember 1953 Augusta i Georgia | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, professor, bankier, lærar | ||
Institusjonar | Princeton University New York University Stanford University Brookings Institution | ||
Alma mater | Harvard University Massachusetts Institute of Technology Dillon High School | ||
Doktorgradsrettleiar | Stanley Fischer | ||
Medlem | Federal Reserve Board of Governors American Academy of Arts and Sciences Econometric Society National Academy of Sciences | ||
Verv | Sentralbanksjef i USA 2006-2014 |
Ben Shalom Bernanke (fødd 13. desember 1953) er ein amerikansk økonom som var sentralbanksjef i USA frå 2006 til 2014.
Bernanke blei fødd i Augusta i Georgia i USA, og voks opp i Dillon i Sør-Carolina.[1] Han studerte ved Harvard University og tok doktorgrad ved Massachusetts Institute of Technology.[1] Etter dette underviste han ved mellom anna Stanford University og London School of Economics, og vart tilsett som professor ved Princeton University i 1985.[1] Frå august 2002 til juni 2005 var han sentralstyremedlem i Federal Reserve, og vart deretter økonomisk rådgivar for Det kvite huset.
24. oktober 2005 nominerte president George W. Bush Bernanke til å etterfølgje Alan Greenspan som sjef for Federal Reserve, sentralbanken i USA. Bernanke vart innsett i stillinga 1. februar 2006[1] etter at det amerikanske senatet stadfesta nominasjonen til Bush ved ei avstemming 31. januar 2006.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ben S. Bernanke». Board of Governors of the Federal Reserve System. Arkivert frå originalen 24. januar 2010. Henta 30. januar 2010.