Ben Ish Hai
Ben Ish Hai | |
Statsborgarskap | Det osmanske riket |
Fødd | 1833 Bagdad |
Død |
30. august 1909 (75 år) |
Yrke | rabbinar, skribent |
Religion | Jødedommen |
Ben Ish Hai på Commons |
Joséf Ḥajjím (1832–1909), meir kjend som Ben Ish Ḥai (hebr. [Ben Īš Ḥaj]), «Son [av ein] Levande Mann», var ein mizrahisk ḥakhám (rabbinar) og kabbalist som levde i Bagdad frå 1832 til 1909. Da Ḥajjím var 25 år gammal tok han over etter far sin som ḥakhám i Bagdad da faren døydde, og han vart snart vidkjend som hovudautoriteten i halakhá i heile Midtausten.
Joséf Ḥajjím er særleg kjend for boka Sefer Ben Ish Ḥaj — ei bok som av mange mizrahiske og sefardiske jødar blir rekna for å vera «Den sefardiske Kissúr Sjulhán arúkh». Denne boka er standardreferanseverket i mange mizrahiske og jødiske heimar og er òg i bruk i dei mizrahiske og sefardiske jesjibót som høyrer til den kabbalistiske retninga. Sidan denne boka er så mykje bruka, har forfattaren Ḥajjím vorte kjend som Ben Ish Ḥai — namnet han generelt går under innan jødedommen i dag. Boka er ei samling av preiker han heldt over ein toårsperiode saman med dei 52 parasjijjót (vekeavsnitt) av Toráen. Kvart kapittel byrjar med ein mystisk bolk, oftast ei forklaring av korleis ei kabbalistisk tolking av eit bestemt vers står i samband med ein særskild halakhá (rabbinsk lov); og deretter fortset han med ei utlegging av denne halakháen, inkludert definitive avgjersler av korleis dei skal tolkast.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- The Ben Ish Chai Arkivert 2005-03-05 ved Wayback Machine., Yated Neeman
- Great Jewish Leaders, Eliezer C. Abrahamson
- Ben Ish Chai Arkivert 2020-10-23 ved Wayback Machine., tzemachdovid.org
- Rabbi Yosef Chaim of Baghdad Arkivert 2005-03-06 ved Wayback Machine., torah.net
- Benaihu Ben Yehoyada Arkivert 2005-04-06 ved Wayback Machine., ascent.org.il
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ben Ish Chai (Hebrew full-text), shechem.org
- The Halachot of the Ben Ish Hai, transl. S. Hiley, Philipp Feldheim. ISBN 1-58330-160-7
- Jonatan Meir "Toward the Popularization of Kabbalah: R. Yosef Hayyim of Baghdad andthe Kabbalists of Jerusalem", Modern Judaism 33(2) (May 2013), pp. 147-172