Bernie Taupin
Bernie Taupin | |||
Taupin på premieren til The Union i 2011 Tribeca Film Festival | |||
Fødd | 22. mai 1950 (74 år) Sleaford i Lincolnshire i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ruskington | ||
Fødenamn | Bernard John Taupin | ||
Alias | Carte Blanche | ||
Opphav | London i England[1] | ||
Aktiv | 1967–i dag | ||
Sjanger | Pop, rock | ||
Instrument | Vokal | ||
Tilknytte artistar | Elton John, Alice Cooper, Long John Baldry | ||
Plateselskap | The Rocket Record Company | ||
Verka som | Tekstforfattar, låtskrivar, diktar | ||
Gift med | Maxine Feibelman | ||
Prisar | Johnny Mercer Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Bernard John «Bernie» Taupin (fødd 22. mai 1950) er ein engelsk tekstforfattar, diktar og songar, mest kjend for det langvarige samarbeidet med Elton John. Han skreiv tekstane til dei fleste store hittane til John og har skrive fleire av dei mest kjende tekstane i poprock-historia.
I 1967 svarte Taupin på ei annonse i den engelske musikkavisa New Musical Express som søkte nye låtskrivarar. Om lag samstundes sende Elton John inn musikk han hadde laga til avisa, og paret vart ført saman, og har samarbeidd på mange prosjekt sidan.[2]
Etter å ha laga meir enn 100 låtar saman vert dei rekna for eit av dei største låtskrivarpara nokon sinne, i lag med Lennon/McCartney, Burt Bacharach/Hal David og Mick Jagger/Keith Richards.
Nokre av dei mest kjende tekstane til Taupin er «Daniel» (1973), «Your Song» (1970), «Sacrifice» (1989), «Candle in the Wind» (1973 & 1997), «Sorry Seems to Be the Hardest Word» (1976), «Rocket Man» (1972) og «Goodbye Yellow Brick Road» (1973).
Utgjevingar som soloartist
[endre | endre wikiteksten]Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]- 1971 Taupin
- 1980 He Who Rides The Tiger
- 1987 Tribe
Med Farm Dogs
[endre | endre wikiteksten]- 1996 Last Stand in Open Country
- 1998 Immigrant Sons
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bernie Taupin» frå Wikipedia på engelsk, og «Bernie Taupin» frå Wikipedia på bokmål den 25. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: