Hopp til innhald

Bharati Mukherjee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bharati Mukherjee

Fødd27. juli 1940
Kolkata
Død28. januar 2017
Manhattan
NasjonalitetUSA, India, Britisk India, Unionen India
Yrkeskribent, romanforfattar, novelleforfattar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Alma materUniversitetet i Calcutta
Loreto College
Maharaja Sayajirao University of Baroda
EktefelleClark Blaise
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Bharati Mukherjee (fødd 27. juli 1940) er ein indisk-amerikansk forfattar og professor i engelsk. I verka sine tek ho særleg for seg spørsmåla indiske kvinner møter når dei flytter til Vesten.

Mukherjee blei fødd i Calcutta i den indiske delstaten Vest-Bengal. Familien var velståande, og ho fortsette si indiske universitetsutdanning i USA og Canada. Der trefte ho den kanadiske forfattaren Clark Blaise som ho gifta seg med i 1963. Dei har to ungar, og har skrive to bøker saman.

Det mest kjende verket til Bharati Mukherjee er romanen Jasmine frå 1989, der ei ung kvinne frå India går gjennom mange omstillingar før ho slår seg ned som mor i ein amerikansk lappeteppefamilie.

Forfattaren er i dag tilsett ved Berkeley-universitetet i California.

  • 1972: The Tiger's Daughter
  • 1975: Wife
  • 1977: Days and Nights in Calcutta (reiseskildring, med Clark Blaise)
  • 1985: Darkness (noveller)
  • 1987: The Sorrow and the Terror: The Haunting Legacy of the Air India Tragedy (med Clark Blaise)
  • 1988: The Middleman and Other Stories (noveller)
  • 1989: Jasmine
  • 1993: The Holder of the World
  • 1997: Leave It to Me
  • 2002: Desirable Daughters
  • 2004: The Tree Bride: A Novel