Bjarne Brøndbo
Utsjånad
Bjarne Brøndbo | |||
| |||
Fødd | 19. september 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Namsos | ||
Fødenamn | Bjarne Arnstein Brøndbo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1978– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Norske Gram | ||
Verka som | musikar, songar, skodespelar |
Bjarne Arnstein Brøndbo (fødd 19. september 1964) er ein norsk musikar og vokalist i rockegruppa D.D.E..
Bjarne Brøndbo vart fødd i Namsos og voks opp i Overhalla. Han har tidlegare spelt i banda Humanic (1978–1984) og After Dark (1984–1991) som var forløparen til D.D.E.. Han vart vokalist i D.D.E. frå starten av i 1992 og speler òg trekkspel i bandet. Han har i tillegg hatt fleire soloprosjekt, og han har gjeve ut ein soloplate med namnet Salmar på ville vegar. I 2005 turnerte han og bandet saman med Carola Häggkvist.
Brøndbo er utdanna lærar. Ved sida av musikken driv han Namdal Bilopphuggeri. Han er gift og har tre born.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tett på nett: Bjarne Brøndbo[daud lenkje] (VG, 2000)
- Bjarne Brøndbo: «Purpur og gull» (VG, 2004)
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå «Bjarne Brøndbo», innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:54.