Hopp til innhald

Gori

Koordinatar: 41°58′37″N 44°06′09″E / 41.97694°N 44.10250°E / 41.97694; 44.10250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gori
გორი
Statue av Stalin føre rådhuset i Gori
Statue av Stalin føre rådhuset i Gori
Statue av Stalin føre rådhuset i Gori
Byvåpenet til Gori
Styresmakter
Land Georgia
Grunnlagd 1100-talet
Geografi
Flatevidd 16,85 km²
Flatevidd
 - By

16,85 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)
   - folketettleik

48 143
  2 857/km²
Koordinatar 41°58′37″N 44°06′09″E / 41.97694°N 44.10250°E / 41.97694; 44.10250
Høgd over havet 588 m
Tidssone MSD (UTC+4)
gori.iatp.org.ge
Diverse anna
Heimeside: https://gori.gov.ge

Gori (georgisk skrift გორი) er ein industriby i provinsen Sjida Kartli i Georgia. Byen vart grunnlagd av ein av dei største kongane av Georgia, David IV av Georgia (1089–1125). Han har om lag 45 000 innbyggjarar, og ligg der elva Liakhvi munnar ut i Mtkvari (Kura). Byen vart nesten heilt øydelagd under eit jordskjelv i 1920.

I 1878 vart den sovjetiske diktatoren Josef Stalin fødd i Gori, og byen inneheld eit Josef Stalin-museum med gjenstandar knytte til livet hans, huset der han vart fødd og den personlege jernbanevogna hans.

Ein av dei siste statuane av Stalin i det tidlegare Sovjetunionen står utanfor rådhuset i byen.

Festninga Goristsikhe frå mellomalderen ligg ovanfor byen.

Kjende personar frå Gori

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]