Gasherbrum II
Gasherbrum II | ||
---|---|---|
Base Camp, 5 900 m. G II er midt i bildet. Til venstre toppen av G III. Kuppelen heilt til høgre er G Aust. | ||
Høgd over havet | 8 034 m | |
Område | Kina, Pakistan | |
Fjellområde | Karakorum, Himalaya | |
Dominans | 5,53 km → Gasherbrum I (Hidden Peak) | |
Skardhøgd | 1 524 m ↓ Gasherbrum-La | |
Koordinatar | 35° 45′ 31″ N, 76° 39′ 10″ AKoordinatar: 35° 45′ 31″ N, 76° 39′ 10″ A | |
| ||
Førsteklatring | 7. juli 1956, Fritz Moravec, Josef Larch og Hans Willenpart | |
Normalrute | Sørvestegga – austegga (topp-pyramiden). Høgfjellstur på bre. |
Gasherbrum II (tidlegare K4; urdu گاشر برم; kinesisk 加舒尔布鲁木山, pinyin Jiāshū'ěrbùlǔmù Shān) er eit 8 034 m høgt fjell i Gasherbrum-massivet på grensa mellom Gilgit–Baltistan i Pakistan og Xinjiang i Kina. Det er det trettande høgste fjellet i verda og det femte høgste i Pakistan og blir rekna som hovudtoppen i den eigentlege Gasherbrum-gruppa.[1]
Sørvestegga på Gasherbrum II er relativt fri for objektive farar som brefall og ras og blir rekna for å vere ein av dei mest tilgjengelege toppane over 8 000 m.
Klatrehistorikk
[endre | endre wikiteksten]Fjellet blei først klatra 8. juli 1956 av deltakarar på ein austerriksk ekspedisjon leia av Fritz Moravec. I tillegg til Moravec sjølv kom Josef Larch og Hans Willenpart på toppen. Dei gjekk opp over sørvestegga og opna med det dagens normalrute. Under toppen dreier ruta mot aust og toppen nås over søraustegga på topp-pyramiden.
Sommaren 1983 klatra polakkane Jerzy Kukuczka og Wojciech Kurtyka Gasherbrum II over austegga i alpinstil. For å akklimatisere seg førsteklatra dei Gasherbrum Aust, der dei var 24. juni. Etter ein bivuakk på toppen gjekk dei ned til base camp og klatra få dagar seinare G II. På vegen til hovudtoppen gjekk dei over Gasherbrum Aust og sidan dei steig ned via normalruta, var dette den første traversen av Gasherbrum II.[2]
Året etter traverserte Reinhold Messner og Hans Kammerlander Gasherbrum II – Gasherbrum I, dei òg i alpin stil. Denne traversen blir i dag rekna som ein av dei største prestasjonane i høgfjellsklatringa. Regissøren Werner Herzog med kamerateam var med og filma Messner og Kammerlander i base camp og dokumenterte traversen i filmen Gasherbrum – der leuchtende Berg.
I 1996 solotraverserte Jean-Christophe Lafaille begge toppane direkte utan å gå ned til base camp. Han gjekk normalruta opp og ned G II etter at han hadde gått ei ny rute på G I.[3][4]
7. juli 2006 førsteklatra ein sveitsisk ekspedisjon nordveggen på Gasherbrum II der Ueli Steck, Hans Mitterer og Cedric Hählen nådde den 7 758 m høge austtoppen. På grunn av lavinefaren valde dei å snu utan å gå over egga til hovudtoppen.
50 år etter førsteklatringa gjekk dei tyske ekstremskikøyrarane Benedikt Böhm og Sebastian Haag til toppen under føring av Luis Stitzinger og køyrde ned til base camp på ski. Trass nysnø og stor skredfare gjorde dei turen ned utan å løyse ut bindingane eller rappellere. For heile turen, som gjekk i alpin stil, brukte dei alt i alt knapt 17 timar.[5][6]
I 20. juli 2007 makta italienarane Karl Unterkircher, Daniele Bernasconi og Michele Compagnoni som dei første å klatre nordveggen og komme heilt til topps.[7]
2. februar 2011 stod Simone Moro, Denis Urubko og Cory Richards på toppen av Gasherbrum II som dei første som vinterklatra ein av 8000-meters-toppane i Karakorum og Pakistan elles.[8]
1. august 1994 blei Eirik Tryti, Bjørn Arne Evensen og Simen dei første nordmenn på toppen.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Fritz Moravec: Weiße Berge, schwarze Menschen. Vom Himalaja zu den Riesenkratern Afrikas, Österr. Bundesverlag, Wien 1958.
- Rollo Steffens: Faszination Karakorum. Die wilden Berge Asiens. Bruckmann Verlag, München 2000.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ G. O. Dyhrenfurth: Zum Dritten Pol. München, 1952, s. 238ff
- ↑ Wojciech Kurtyka: «Gasherbrum II and Hidden Peak – New Routes». I American Alpine Journal 1984, s. 37-42 (AAJO)[daud lenkje]
- ↑ Lafailles Gasherbrum-travers
- ↑ Websida til J. C. Lafaille om Gasherbrum-enchaînement (traversen), arkivert frå originalen 3. mai 2013, henta 10. juli 2012
- ↑ www.bergsteigen.at: Abgefahren! Speedbegehung und Skibefahrung des Gasherbrum II Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine., 9. august 2006.
- ↑ ORF Magazin: Skitouren: Tourenski-Rennen auf Achttausender[daud lenkje]
- ↑ karlunterkircher.com, arkivert frå originalen 5. oktober 2007, henta 10. juli 2012
- ↑ bergsteigen.at, arkivert frå originalen 17. august 2011, henta 10. juli 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gasherbrum II på Peakware.com
- Gasherbrum II på Peakbagger.com
- Gasherbrum II: A Journey to 26,360 Feet in the Karakoram Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine.
- Gasherbrum II på himalaya-info.org
- Lutz Maurer: Österreichische Himalaya-Karakorum-Expedition 1956 Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine., naturfreunde.at
- Førsteklatringa, bergfieber.de
- Teksten er hovudsakleg basert på artikkelen Gasherbrum II frå Wikipedia på tysk slik den var 10. juli 2012.