Georges Charpak
Georges Charpak | |||
| |||
Fødd | 1. august 1924 Davrovica i noverande Ukraina, dåverande Polen | ||
---|---|---|---|
Død | 29. september 2010 (87 år) Paris i Frankrike | ||
Nasjonalitet | Polsk og Fransk | ||
Område | partikkelfysikk | ||
Yrke | fysikar, fransk motstandskjemper, forskar | ||
Institusjonar | CERN Centre national de la recherche scientifique | ||
Alma mater | Lycée Saint-Louis École nationale supérieure des mines de Paris École de Physique des Houches Universitetet i Paris | ||
Kjend for | Trådkammer | ||
Ektefelle | Dominique Vidal | ||
Barn | Nathalie Charpak | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet National Academy of Sciences Det austerrikske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Académie nationale de médecine |
Georges Charpak (1. august 1924–29. september 2010) var ein polsk-fransk fysikar.
Charpak vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1992 for oppfinninga hans og utviklinga av partikkeldetektorar, spesielt trådkammeret.
Oppfinninga til Charpak mogleggjorde oppdaginga av særs kortliva og sjeldne partiklar. Detektoren leverer data direkte til tilkopla datamaskiner som kan analysere store mengder data. Dette gjer det mogeleg å studere forløp med både større oppløysing og tettare tidsintervall enn det som tidlegare var mogeleg med for døme boblekammer.
Charpak tok doktorgrad i kjernefysikk ved Collège de France i Paris i 1954, og byrja å jobbe ved CERN i Geneve i 1959. I 1984 vart han Joliot-Curie professor ved École Supérieure de Physique et Chimie i Paris, og i 1985 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet.
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- La vie à fil tendu,Saman med Dominique Saudinos (1993 Odile Jacob, ISBN 2-7381-0214-X)
- Devenez sorciers, devenez savanns, saman med Henri Broch (Odile Jacob, ISBN 90-581-4005-9)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Georges Charpak» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1924
- Døde i 2010
- Franske fysikarar
- Polske fysikarar
- Kjernefysikarar
- Fysikkprofessorar
- Franske nobelprisvinnarar
- Jødiske nobelprisvinnarar
- Polske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Polske jødar
- Franske jødar
- Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet
- Fysikarar på 1900-talet
- Folk tilknytte CERN