Hopp til innhald

Greg Haughton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greg Haughton


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 10. november 1973 (51 år)
Saint Mary Parish på Jamaica
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Gregory Haughton, kjend som Greg Haughton, (fødd 10. november 1973) er ein tidlegare sprintar frå Jamaica som tevla internasjonalt på 400 meter. Han vann bronsemedaljen på 400-meteren i verdsmeisterskapane 1993 og 2001, og under OL 2000. Elles var han med å vinne fire VM-sølv i 4 x 400 meter stafett for Jamaica, samt OL-sølv og OL-bronse i same øvinga.

Haughton sprang sitt livs kjappaste 400 meter då han vart tredjemann på 400 meter under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg. Med tida 44,56 sekund vart han slått berre Michael Johnson og Butch Reynolds, begge frå USA. I den same meisterskapen byrja han på ei unik rekke av stafettmedaljar. Saman med lagkameratar vann Haughton då sølvmedaljen i 4 x 400 m stafett. I dei komande åra sikra han seg på den lange stafetten ein bronse i OL 1996, sølv i VM 1997, VM 1999, OL 2000 og VM 2001. Individuelt vann han bronsemedaljen på 400 meter under OL 2000 og i VM 2001.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]