Hopp til innhald

Gro Harlem Brundtland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gro Harlem Brundtland

Fødd20. april 1939 (85 år)
Bærum kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkeskodespelar, politikar, diplomat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedDet medisinske fakultet
Harvard T.H. Chan School of Public Health
Universitetet i Oslo
Harvard University
FarGudmund Harlem
EktefelleArne Olav Brundtland
BarnKnut Brundtland
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Norsk Kvinnesaksforening
Academia Europaea
Sosialistisk Studentlag
VervWHOs generaldirektør 13. mai 1998–21. juli 2003
FøregangarHiroshi Nakajima
EtterfylgjarLee Jong-wook
VervNorsk statsminister 3. november 1990–24. oktober 1996
FøregangarJan P. Syse
EtterfylgjarThorbjørn Jagland
VervNorsk statsminister 9. mai 1986–16. oktober 1989
FøregangarKåre Willoch
EtterfylgjarJan P. Syse
VervNorsk statsminister 4. februar 1981–14. oktober 1981
FøregangarOdvar Nordli
EtterfylgjarKåre Willoch
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1977–30. september 1997
Alle verv

Gro Harlem Brundtland (fødd 20. april 1939) er ein norsk politikar og lege. Ho var den første kvinnelege statsministeren i Noreg.

Ho vart fødd i Bærum ved Oslo som dotter av statsråden og medisinsk professor Gudmund Harlem. Ho tok sjølv medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1963 og sidan Master of Public Health ved Harvard-universitetet i Sambandsstatane (USA) i 1965.

Gro Harlem Brundtland var miljøvernminister frå 1974 til 1979. Ho vart den første kvinnelege norske statsministeren då ho overtok etter Odvar Nordli og danna si første regjering frå februar til oktober 1981. Etter at regjeringa Willoch gjekk av etter eit kabinettspørsmål i mai 1986 danna ho si andre regjering som sat til oktober 1989. Då regjeringa Syse fall den 3. november 1990 danna ho si tredje regjering, som sat til 25. oktober 1996, då ho gjekk av og vart etterfylgd av Thorbjørn Jagland. Ho hadde allereie gått av som leiar av Arbeidarpartiet i 1992. Brundtland gjekk ihuga inn for norske EU-medlemskap, men tapte folkerøystinga om EU i 1994.

Berge Furre hadde denne vurderinga av Gro Harlem Brundtland: «Nokon eldande talar var ho ikkje, men inntrykket av viljestyrke, sakkunne og truverde nådde fram og skapte tillit hjå folk – vel meir tillit enn varme. Dei fleste valkampane hennar enda med nederlag for partiet... Folkerøystinga om EU-medlemskap vart det største nederlaget hennar, men ho rista det av seg valnatta og gjekk vidare.»[1]

Leiar av Verdas helseorganisasjon

[endre | endre wikiteksten]

I 1998 vart Brundtland vald til generaldirektør for Verdas helseorganisasjon (WHO). Brundtland mottok tittelen som Policy Leader of the Year for koordineringa av arbeidet mot SARS-utbrotet i 2003. Ho gjekk av frå stillinga sommaren 2003. Etterfylgjar vart Jong-Wook Lee. Brundtland lever no eit roleg liv i Frankrike.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1988 Årets budeie
  • 1988 Årets skandinav
  • 1989 Third world prize
  • 1989 Indira Gandhis pris for fred, nedrusting og utvikling
  • 1988 Det europeiske miljøvernbyrås miljøvernpris
  • 1989 Peace Link Woman of Peace
  • 1990 Beyond War Award
  • 1991 United Nations Association of Spain Peace Prize
  • 1992 The Delphi Prize
  • 1994 Der internationale Karls Preis zu Aachen
  • 1994 Josef Brecht-prisen (Luxemburg) for spreiing av Europatanken om fred og samarbeid
  • 1995 Fredsprisen «Women for peace», Roma
  • 1995 Pris frå Kennedy Selskabet i Danmark, «Profiles of courage»
  • 1997 Årets Peer Gynt
  • 2002 Gøteborgs internasjonale miljøpris
  • 2003 Luther L. Terry Award
  • 2003 Landsforeningen for hjerte- og lungesykes ærespris
  • 2004 Fredrikkeprisen, Norske Kvinners Sanitetsforenings ærespris
  • 2006 Tahiti-prisen (Innsats for å auka kunnskapen om globale tilhøve og utviklingstrekk av tyding for Noreg og nordmenn)
  • 2006 Albert-prisen (for sitt arbeid for berekraftig utvikling. Delt ut av Royal Society for the Encouragement of Arts, Manufactures and Commerce (RSA), London)
  1. Berge Furre: Norsk historie 1914-2000, s. 499. Det Norske Samlaget, 1999

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]