Hopp til innhald

Guttannen

Koordinatar: 46°39′0″N 8°17′0″E / 46.65000°N 8.28333°E / 46.65000; 8.28333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guttannen
Horisonten til Guttannen
Horisonten til Guttannen
Kommunevåpenet til Guttannen
Kommunevåpenet til Guttannen


Plassering
Guttannen is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Interlaken-Oberhasli
Språk tysk
Borgarmeister Esther Messerli
Geografi
Flatevidd
 - kommune

200,7 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

310
  1,5 /km²
Koordinatar 46°39′0″N 8°17′0″E / 46.65000°N 8.28333°E / 46.65000; 8.28333
Høgd over havet 1057 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 3864
Nettstad: www.guttannen.ch

Guttannen er ein kommune i distriktet Interlaken-Oberhasli i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 310 innbyggjarar (2010) og eit areal på 200 km². Kommunesenteret ligg 1057 meter over havet.

Grimselsee, Grimsel Hospice, og Räterichsbodensee frå Grimselpasset

Guttannen ligg i Berner Oberland nær Grimselpasset. Han er den høgastliggande busetnaden i Haslital. Nabokommunane er Innertkirchen, Gadmen, Oberwald, Obergesteln, Ulrichen, Münster-Geschinen, Fieschertal og Grindelwald.

Aare spring ut frå brear i Guttannen. Det er fire innsjøar i kommunen: Oberaarsee, Grimselsee, Räterichsbodensee og Gelmersee. Vest i kommunen ligg fjella Schreckhorn, Lauteraarhorn og Finsteraarhorn. Guttannen omfattar òg Finsteraarbreen, Lauteraarbreen, Unteraarbreen, Gruebenbreen, og Bächlibreen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]