Guglielmo Libri Carucci dalla Sommaja
Guglielmo Libri Carucci dalla Sommaja | |||
| |||
Fødd | Guglielmo Libri Carucci dalla Sommaja 2. januar 1803 Firenze | ||
---|---|---|---|
Død | 28. september 1869 Fiesole | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongedømet Italia, Frankrike | ||
Område | matematikk, bibliologi | ||
Yrke | matematikar, fysikar, matematikkhistorikar, professor, universitetslærar | ||
Institusjonar | Collège de France Universitetet i Pisa Faculté des sciences de Paris | ||
Alma mater | Universitetet i Pisa | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet Accademia delle Scienze di Torino |
Guglielmo Brutus Icilius Timeleone Libri Carucci dalla Sommaja (1. januar 1803–28. september 1869) var ein italiensk matematikar.
Han var professor i Pisa i 1823 og i Paris frå 1832. I 1850 vart han tiltalt for tjuveri i stor stil av sjeldne manuskript og bøker frå franske bibliotek, men flykta til England og unngjekk straff. Det har vore reist tvil om skuldingane var riktige. Namnet til Libri er knytt til den kjende Parisaravhandlinga til Niels Henrik Abel, som etter å ha vore forseinka i mange år kom ut i 1841. Libri las korrektur på avhandlinga, men manuskriptet forsvann på mystisk vis og vart seinare ettersøkt til ingen nytte. Professor Viggo Brun fann i 1955 det meste av manuskriptet i eit lite italiensk bibliotek.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Guglielmo Icilius Brutus Libri» i Store norske leksikon, snl.no.