Gunn Margit Andreassen
Gunn Margit Andreassen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. juli 1973 (51 år) Kristiansand kommune |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1994, biathlon at the 1998 Winter Olympics – women's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's relay |
Gunn Margit Aas Andreassen (fødd 23. juli 1973) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Birkenes. Ho vart verdsmeister med Noreg sitt stafettlag i 2004, året før tok ho under VM 2003 si einaste internasjonale meisterskapsmedalje; bronsemedaljen på 15 km. I tillegg har ho vunne tre stafettmedaljar; bronse under VM 1997 og under OL 1998 i Nagano, samt OL-sølv i 2002 i Salt Lake City. Andreassen vart norsk meister to gongar; 1995 og 2003. Ho er sambuar med Frode Andresen, og brordotter av Reidar Andreassen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Gunn Margit Andreassen markerte seg nasjonalt i 1992-sesongen med ein NM-bronse på skiskyttarsprinten i Skrautvål. Ho deltok i vinterleikane 1994 på Lillehammer utan å markere seg. Under NM 1995 i Fet i Akershus vart ho noregsmeister for fyrste gong då ho vann 15-kilometeren med over eitt minutt til neste løpar. Same sesongen gjekk ho som ankerkvinne Noreg inn til bronse på kvinnestafetten under VM i Antholz. To år seinare, i 1997, spurtslo Andreassen russiske Olga Romasko på VM-stafetten og sikra sølv for Noregs fire utvalde kvinner. I same meisterskapen i Osrblie vart ho beste norske deltakar individuelt med sin femteplass i sprint-øvinga.
Dei same fire norske kvinnene, Ann Elen Skjelbreid, Annette Sikveland, Liv-Grete Skjelbreid og Andreassen, som vann VM-sølv på stafetten i 1997, tok OL-bronse i Nagano i 1998. Einaste skilnaden var at Andreassen og Liv-Grete Skjelbreid hadde bytta etappar. Fire år seinare vart det stafett-sølv på Noregs kvinnelag i dei neste olympiske leikane i Salt Lake City. Sikveland var då borte frå laget, inn på andre etappen hadde Linda Tjørhom kome, elles stilte Noreg i same formasjon som i 1998, med Andreassen på tredje etappe.
I 2003 vart VM i skiskyting avvikla i Khanty-Mansijsk. Her lukkast Andreassen overmåte på 15 km, med fire fulle hus på skytebanen kom ho i mål som vinnar av bronsemedaljen. Same sesongen vart ho norsk meister for andre og siste gong då ho vann 7,5 km sprint i Tromsø. Eit nytt, stort høgdepunkt kom under VM 2004 i Oberhof der Noregs fire skiskyttarkvinner; Linda Tjørhom, Gro Marit Istad, Gunn Margit Andreassen og Liv Grete Poirée vann ein suveren siger på stafetten.
Andreassen deltok i sine fjerde olympiske leikar i 2006 i Torino, heilt utan suksess. Ho trappa ned satsinga på skiskyting etter OL-sesongen og la opp for godt i 2009.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Gunn Margit Andreassen». olympedia.org. Henta 15. november 2022.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1973
- Norske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Noregsmeistrar i skiskyting
- Kongepokalvinnarar i skiskyting
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skiskyttarar under vinter-OL 1994
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1998
- Norske deltakarar under vinter-OL 1998
- Skiskyttarar under vinter-OL 1998
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2002
- Norske deltakarar under vinter-OL 2002
- Skiskyttarar under vinter-OL 2002
- Norske deltakarar under vinter-OL 2006
- Skiskyttarar under vinter-OL 2006
- Deltakarar under VM i skiskyting 1995
- Deltakarar under VM i skiskyting 1996
- Deltakarar under VM i skiskyting 1997
- Deltakarar under VM i skiskyting 1998
- Deltakarar under VM i skiskyting 1999
- Deltakarar under VM i skiskyting 2000
- Deltakarar under VM i skiskyting 2001
- Deltakarar under VM i skiskyting 2002
- Deltakarar under VM i skiskyting 2003
- Deltakarar under VM i skiskyting 2004
- Deltakarar under VM i skiskyting 2007
- Folk frå Birkenes