Gunta Stölzl
Gunta Stölzl | |
Statsborgarskap | Tyskland, Sveits, Israel |
Fødd | 5. mars 1897 München |
Død | |
Yrke | designar, kunstmålar, skribent, tekstilkunstnar, vevar, kunstnar |
Språk | tysk |
Gunta Stölzl på Commons |
Gunta Stölzl (5. mars 1897–22. april 1983) var ein tysk tekstilkunstnar som kom til å ha tyding for utviklinga av verkstaden på Bauhaus som var retta mot veving som kunstform. Ho var den fyrste kvinnelege meisteren og verkstadsleiaren i Bauhaus-rørsla.
Stölzl byrja å studera ved Bauhaus 1920 etter tidlegare kunststudium i fødebyen sin München.[1] På 1920-talet kom avdelinga som fyrst blei kalla Kvinneverkstaden til å utvikla seg til verkstaden for veving, noko Stölzl var med på å skapa. I rolla som lærar ved verkstaden tok ho inn inn påverknad frå moderne kunst, og det var rom for henne både til å arbeida med eldre teknikkar og høve til å eksperimentera med nytt materiale med kollegaer og studentar. Ho var òg drivkrafta i å innføra matematikk for å støtta læringa til studentane innan teknikk og industriell design i samband med veving.
I 1925 blei Stölzl meister i avdelinga si, og seinare òg leiar. Verkstaden blei rekna som ein av Bauhaus mest framgangsrike under leiinga hennar.
Etterkvart som nazistane vann meir makt i Tyskland blei det stadig vanskelegare å driva Bauhaus-skulen ut frå den opphavlege ideologien. Dette førte til at Stölzl, som hadde gifta seg med den jødiske arkitekten Arieh Sharon 1929, til å forlata skulen i 1931.
Frå 1931 bodde Stölzl, som hadde mista tapt det tyske statsborgarskapet sitt gjennom ekteskapet, i Sveits. Har dreiv ho hovudsakleg med tekstildesign for innreiing, som teppe og møbelstoff.[1] I 1936 blei det fyrste ekteskapet hennar oppløyst, og i 1942 gifta ho seg med journalisten Willy Stadler.
Gunta Stölzl er representert ved blant anna Metropolitan Museum of Art[2] og Museum of Modern Art.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «History of textile art: Gunta Stölzl (1897–1983)». TextileArtist.org (på engelsk). 17 maj 2013. Henta 6 mars 2019.
- ↑ «Search the Collection - Gunta Stölzl». Metropolitan Museum of Art, metmuseum.org. Henta 17 mars 2024.
- ↑ «Gunta Stözlz». moma.org. Henta 17 mars 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Gunta Stölzl» frå Wikipedia på svensk, den 9. november 2024.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- «Masters and Teachers - Gunta Stölzl». Bauhaus100. Henta 6 mars 2019.
- «Gunta Stölzl - MOMA». Henta 6 mars 2019.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: