Don't ask, don't tell
«Don't ask, don't tell» (norsk 'ikkje spør, ikkje fortell') er den vanlege nemninga på ein amerikansk militær forskrift som var i kraft frå 1993 til 2010 og gjennomførte Public Law 103–160, kodifisert i 10 U.S.C. Sec. 654. Forskrifta la ned forbod mot å diskriminera og krenka homofile og bifile personar i det amerikanske militæret som heldt legninga si skjult, samtidig som forskrifta forbaud opent homofile og biseksuelle personar å vera tenestemenn. Nærare bestemt forbaud forskrifta personar som «utviser en tendens til eller intensjon om å delta i homoseksuelle handlinger» frå å tenestegjere, med grunngjevinga om at deira tilstadevere «ville utgjøre en uakseptabel risiko mot den høye moralske standard, gode orden og disiplin og samhold i avdelingene som er essensiell for militær evne».[1] Forskrifta var kontroversiell og møtte motstand både frå forkjemparar for homofile og bifile sine rettar og grupperingar som ynskte å føra vidare det tidlegare totalforbodet mot homofile og bifile i forsvaret.[2] «Don’t Ask, Don’t Tell» vart oppheva 20. september 2011, og sidan har opent homofile og bifile personar kunna tenestegjere i det amerikanske forsvaret.[3]
Innføring og oppheving
[endre | endre wikiteksten]Forskrifta vart innført som eit kompromiss i 1993 av president Bill Clinton, som hadde lova å tillate alle borgarar uansett seksuell orientering å tenestegjere i militæret – eit brot med det gjeldande totalforbodet mot alle som ikkje var heteroseksuelle.[4] Forskrifta vart utarbeida av blant anna Colin Powell.[5] Ho vart underteikna 30. november 1993 og vart oppretthalden av Clinton sin etterfølgjar, George W. Bush. Under presidentvalkampen i 2008 gjekk demokratane sin presidentkandidat Barack Obama inn for å fjerne forskrifta heilt og la opent homofile og bifile tenestegjere i forsvaret fritt.[6] Obama blei vald til president, men det fyrste forsøket på å fjerne forskrifta vart stansa i Senatet i september 2010, etter ein filibuster leia av republikanske John McCain.[7] Eit nytt forslag vart fremma i desember same år og vedtatt i representanthuset med 250 mot 175 stemmer og i Senatet med 65 stemmer mot 31 stemmer.[8] President Obama underteikna opphevinga 22. desember 2010,[9] og ho tredde i kraft 20. september 2011.[3]
Den norsk-amerikanske obersten Margarethe Cammermeyer måtte gå på grunn av si legning, men fekk tilbake stillinga fordi forskrifta ennå ikkje var tredd i kraft då ho vart dimittert i 1992.[10]
Harvey Milk var ein av tenestemennene i den amerikanske marinen som vart råka av forbudet mot homofile og bifile i det amerikanske militæret før «don't ask, don't tell» tredde i kraft. Milk tenestegjorde som løytnant i den amerikanske marinen under Koreakrigen om bord på ubåtredningsskipet USS «Kittiwake» (ASR-13).[11] Han trakk seg fra marinen i 1955 med det som vert kalla «avskjed i unåde».[12] Milk trakk seg for å ikkje bli stilt for krigsrett som open homofil.[13] I 2021 oppkalla den amerikanske marinen skipet USNS «Harvey Milk» (T-A0-206) etter Milk, for å heidre han.[14]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «10 U.S. Code § 654 - Repealed. Pub. L. 111–321, § 2(f)(1)(A), Dec. 22, 2010, 124 Stat. 3516]». LII / Legal Information Institute (på engelsk). Henta 26. august 2018.
- ↑ «Don't Ask, Don't Tell | United States policy». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 26. august 2018.
- ↑ 3,0 3,1 «Obama certifies end of military's gay ban». MSNBC (på engelsk). 22. juli 2011. Henta 26. august 2018.
- ↑ Shanker, Thom (20. november 2007). «A New Push to Roll Back ‘Don’t Ask, Don’t Tell’». The New York Times (på engelsk). Henta 26. august 2018.
- ↑ «Bush on Gay Rights Issues». ABC News (på engelsk). 6. januar 2006. Henta 26. august 2018.
- ↑ «Obama: Repeal of 'don't ask, don't tell' possible». MSNBC (på engelsk). 10. april 2008. Henta 26. august 2018.
- ↑ «Senate halts 'don't ask, don't tell' repeal - CNN.com». CNN (på engelsk). 22. september 2010. Henta 26. august 2018.
- ↑ Hulse, Carl (18. desember 2010). «Senate Repeals Ban on Gays Serving Openly in Military». The New York Times (på engelsk). Henta 26. august 2018.
- ↑ Stolberg, Sheryl Gay (22. desember 2010). «Obama Signs Away ‘Don’t Ask, Don’t Tell’». The New York Times (på engelsk). Henta 26. august 2018.
- ↑ Arntzen, Jon Gunnar (29. september 2014). «Margarethe Cammermeyer». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 26. august 2018.
- ↑ «Navy to Name Ship After Gay Rights Activist Harvey Milk». USNI News (på engelsk). 28. juli 2016. Henta 10. april 2022.
- ↑ «Naval records indicate SF library's Milk discharge paperwork a fake». Bay Area Reporter (på engelsk). Henta 10. april 2022.
- ↑ Shivaram, Deepa (7. november 2021). «The U.S. Navy has christened a ship named after slain gay rights leader Harvey Milk». NPR (på engelsk). Henta 10. april 2022.
- ↑ Elster, Kristian (8. november 2021). «USAs marine kaller opp skip etter homoaktivist». NRK (på norsk bokmål). Henta 10. april 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Don't ask, don't tell» frå Wikipedia på bokmål, den 23. april 2022.