Dorney Lake
Utsjånad
Dorney Lake | |||
innsjø | |||
Flyfoto av Dorney Lake
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kunstig innsjø | ||
Koordinatar | 51°29′36″N 0°39′56″W / 51.4933°N 0.6655°W | ||
Dorney Lake 51°29′36″N 0°39′56″W / 51.493333333333°N 0.66555555555556°W | |||
Wikimedia Commons: Dorney Lake |
Dorney Lake er ein menneskeskapt innsjø i Storbritannia som arena for roing. Han ligg nær landsbyen Dorney i Buckinghamshire og nær byane Windsor og Eton, nær Themsen. Innsjøen er privateigd og finansiert av Eton College, som brukte £17 millionar på å utvikle han. Sjølv om innsjøen hovudsakleg vert nytta av skulen, er fasilitetane gjort tilgjengeleg for rosport i området i tillegg.
Innsjøen skal vere arena for sommar-OL 2012 i roing og kajakk. Dei eksisterande tribunane vert utvida for dette til 20 000 seter, dei fleste berre mellombelse.[1]
Banen på innsjøen er 2000 meter lang med åtte banar, som kvar er 13,5 meter brei. Den minste vassdjupna er 3,5 meter.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dorney Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ London2012.com: "Work starts on time at the London 2012 Rowing og Canoe Sprint venue", arkivert frå originalen 12. oktober 2009, henta 12. oktober 2009