Hopp til innhald

Daur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daur (Tagour) plassert mellom elvane Nonni og Amur på eit fransk kart frå 1734.

Daur (eigennemning daor; 達斡爾族 pinyin dáwò'ěrzú) er ei etnisk gruppe i Folkerepublikken Kina, ei av 55 erkjende minoritetsgrupper. I følgje folketeljinga i 2000 var det 132 394 av dei i Kina, størstedelen i provinsen Indre Mongolia, men òg i Heilongjiang og Xinjiang. Til midt på 1600-talet budde dei lengre nord, men flytta etter invasjonar og erobringar frå russiske krigsherrar.