contra Arianos scriptum
- Quicunque vult salvus esse, ante omnia opus est, ut teneat catholicam fidem:
- Quam nisi quisque integram inviolatamque servaverit, absque dubio in aeternam peribit.
- Fides autem catholica haec est: ut unum Deum in Trinitate,
et Trinitatem in unitate veneremur.
- Neque confundentes personas, neque substantiam seperantes.
- Alia est enim persona Patris alia Filii, alia Spiritus Sancti:
- Sed Patris, et Fili, et Spiritus Sancti una est divinitas,
aequalis gloria, coeterna maiestas.
- Qualis Pater, talis Filius, talis Spiritus Sanctus.
- Increatus Pater, increatus Filius, increatus Spiritus Sanctus.
- Immensus Pater, immensus Filius, immensus Spiritus Sanctus.
- Aeternus Pater, aeternus Filius, aeternus Spiritus Sanctus.
- Et tamen non tres aeterni, sed unus aeternus.
- Sicut non tres increati, nec tres immensi, sed unus increatus,
et unus immensus.
- Similiter omnipotens Pater, omnipotens Filius, omnipotens Spiritus Sanctus.
- Et tamen non tres omnipotentes, sed unus omnipotens.
- Ita Deus Pater, Deus Filius, Deus Spiritus Sanctus.
- Et tamen non tres dii, sed unus est Deus.
- Ita Dominus Pater, Dominus Filius, Dominus Spiritus Sanctus.
- Et tamen non tres Domini, sed unus est Dominus.
- Quia, sicut singillatim unamquamque personam Deum ac Dominum confiteri christiana
veritate compelimur: ita tres Deos aut Dominos dicere catholica religione prohibemur.
- Pater a nullo est factus: nec creatus, nec genitus.
- Filius a Patre solo est: non factus, nec creatus, sed genitus.
- Spiritus Sanctus a Patre et Filio:
non factus, nec creatus, nec genitus, sed procedens.
- Unus ergo Pater, non tres Patres: unus Filius, non tres Filii: unus Spiritus Sanctus,
non tres Spiritus Sancti.
- Et in hac Trinitate nihil prius aut posterius, nihil maius aut minus:
- sed totae tres personae coaeternae sibi sunt et coaequales. Ita ut per omnia,
sicut iam supra dictum est, et unitas in Trinitate, et Trinitas in unitate veneranda sit.
- Qui vult ergo salvus esse, ita de Trinitate sentiat.
- Sed necessarium est ad aeternam salutem, ut incarnationem quoque Domini nostri
Iesu Christi fideliter credat.
- Est ergo fides recta ut credamus et confiteamur, quia Dominus noster Iesus Christus,
Dei Filius, Deus et homo est.
- Deus est ex substantia Patris ante saecula genitus:
et homo est ex substantia matris in saeculo natus.
- Perfectus Deus, perfectus homo: ex anima rationali et humana carne subsistens.
- Aequalis Patri secundum divinitatem: minor Patre secundum humanitatem.
- Qui licet Deus sit et homo, non duo tamen, sed unus est Christus.
- Unus autem non conversione divinitatis in carnem,
sed assumptione humanitatis in Deum.
- Unus omnino, non confusione substantiae, sed unitate personae.
- Nam sicut anima rationalis et caro unus est homo:
ita Deus et homo unus est Christus.
- Qui passus est pro salute nostra# descendit ad inferos: tertia die resurrexit a mortuis.
- Ascendit ad caelos, sedet ad dexteram Dei Patris omnipotentis:
inde venturus est iudicare vivos et mortuos.
- Ad cuius adventum omnes homines resurgere habent cum corporibus suis:
et reddituri sunt de factis propriis rationem.
- Et qui bona egerunt, ibunt in vitam aeternam: qui vero mala, in ignem aeternum.
- Haec est fides catholica, quam nisi quisque fideliter firmiterque crediderit,
salvus esse non poterit.
Amen.
|
Skrive mot arianarane
- Kvar og ein som vil verte sæl, må framom alt ha den sams kristne trua.
- Kvar og ein som ikkje tar vare på denne heil og rein, vil utan tvil gå evig fortapt.
- Med dette er den sams kristne trua, at vi ærer ein Gud i Treeininga
og treeininga i einskapen.
- Med di vi korkje blandar i hop personane eller kløyver grunnvesenet.
- For ein person er Faderen, ein annan Sonen, ein annan Den Heilage Ande.
- Men guddomen åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande er ein og den same,
med same herlegdom og like evig majestet.
- Såleis som Faderen er, soleis er Sonen, soleis Den Heilage Ande.
- Uskapt er Faderen, uskapt er Sonen, uskapt er Den Heilage Ande.
- Umåleleg er Faderen, umåleleg er sonen, umåleleg er Den Heilage Ande.
- Evig er Faderen, evig er Sonen, evig er Den Heilage Ande.
- Og likevel er det ikkje tre evige, men ein evig.
- Liksom det ikkje er tre uskapte, heller ikkje tre umålelege,
men ein uskapt og ein umåleleg.
- På same måten er Faderen allmektig, Sonen allmektig, Den Heilage Ande allmektig.
- Og likevel er det ikkje tre allmektige, men ein allmektig.
- Såleis er Faderen Gud, Sonen Gud, Den Heilage Ande Gud.
- Og likevel er det ikkje tre gudar, men det er ein Gud.
- Såleis er Faderen Herre, Sonen Herre, Den Heilage Ande Herre.
- Og likevel er det ikkje tre herrar, men det er ein Herre.
- For liksom den kristelege sanninga driv oss til å vedkjennast kvar person for seg som Gud og Herre,
såleis forbyd den sams kristne trua oss å nemna tre gudar eller tre herrar.
- Faderen er ikkje verka, heller ikkje skapt, heller ikkje fødd av nokon.
- Sonen er av Faderen åleine, ikkje verka, heller ikkje skapt, men fødd.
- Den Heilage Anden er av Faderen og Sonen,
ikkje verka, heller ikkje skapt, heller ikkje fødd, med går ut frå dei.
- Altså er det ein Fader, ikkje tre fedrar; ein Son, ikkje tre søner;
ein Heilag Ande; ikkje tre heilage ånder.
- Og i denne Treeining er inkje før eller seinare, inkje større eller mindre.
- Men alle tre personar med einannan like evige og like store. Så at i alle ting, slik som alt
ovanfor er sagt, både Treeininga skal ærast i einskapen, og einskapen i Treeininga.
- Den som såleis vil verta sæl. må tenkja slik om Treeininga.
- Men til å vinna evig sæle, er det også naudsynleg at han trur ærleg og sant
at vår Herre Jesus Kristus vart menneskje.
- Altså er det den rette trua, at vi trur og vedkjenner oss at vår Herre Jesus Kristus,
Guds son, er Gud og menneskje:
- Gud, fødd av Faderen sitt grunnvesen før verda vart til, og menneskje,
fødd av mora sitt grunnvesen i verda.
- Fullkomen Gud, fullkome menneskje, ihopsett av fornuftig sjel og menneskjeleg lekam.
- Lik med Faderen etter sin guddom, ringare enn Faderen etter sitt menneskevesen.
- Men endå han er Gud og menneskje, er han likevel ikkje to, men ein Kristus.
- Ein, likevel ikkje ved guddomen si omskaping til kjøt,
men ved menneskjevesenet si opptaking i Gud.
- I det heile ein, ikkje ved samanblanding av grunnvesen, med ved einskapen i personen.
- For liksom den den fornuftige sjel og lekamen er eitt menneskje,
såleis er Gud og menneskje ein Kristus.
- Som leid til vår frelse, fôr ned til helheimen, stod opp frå dei døde tredje dagen.
- Fôr opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader.
Skal koma att derifrå for å døma levande og døde.
- Og når han kjem att, må kvart einaste menneskje stå opp med lekamen sin.
Og dei skal leggja fram rekneskap for gjerningane sine.
- Og dei som har gjort godt, skal gå inn til det evige livet; men dei som har gjort vondt, til den evige elden.
- Dette er den sams kristne trua. Den som ikkje heilhuga har denne trua,
kan ikkje verta sæl.
|