Hopp til innhald

Denali nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denali nasjonalpark
nasjonalpark
Land  USA
Kart
Denali nasjonalpark
63°12′N 150°18′W / 63.2°N 150.3°W / 63.2; -150.3
Wikimedia Commons: Denali National Park

Denali nasjonalpark ligg i det indre Alaska i området rundt Denali (Mount McKinley), det høgaste fjellet i Nord-Amerika. Nasjonalparken dekker 24 585 km².

Denali nasjonalpark med fjellet Denali og parkvegen
Landskap i Denali nasjonalpark

Denali er heim til mange av fugleartane og pattedyra i Alaska, inkludert ein solid bestand grizzlybjørn og svartbjørn. Flokkar med reinsdyr vandrar gjennom parken. Tynnhornsau (Ovis dalli) blir ofte sett i fjellsidene og det er elg i skogane. Det finst også ulv, gråhåra murmeldyr (Marmota caligata), arktisk jordekorn (spermophilus parryii), bever, pipehare, snøskohare, rev, mår, kanadisk gaupe og jerv i parken.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]