Edward Douglass White
Edward Douglass White | |||
| |||
Fødd | 3. november 1845 Lafourche Parish | ||
---|---|---|---|
Død | 19. mai 1921 (75 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Yrke | politikar, advokat, dommar | ||
Utdanna ved | Mount St. Mary's University Georgetown University Tulane University Tulane University Law School | ||
Mor | Catherine Sidney Lee White | ||
Far | Edward Douglass White | ||
Alle verv |
Edward Douglass White (fødd 3. november 1845 i Lafourche Parish i Louisiana, død 19. mai 1921 i Washington, D.C.) var ein amerikansk jurist og politikar, kjend som senator frå Louisiana og som den niande høgsterettsjustitiarien i landet utnemnd av president William Howard Taft.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]White starta karrieren sin ved Georgetown University, men studiane hans vart avbrotne av den amerikanske borgarkrigen. Han verva seg til hæren hos Amerikas konfødererte statar, men det er uklart kva for ei konkret rolle han hadde under krigen. Det som er klårt er at han vart teken til fange i mars 1865 og at han vart frigjeven omkring ein månad seinare. At han har tenestegjort som soldat i sørstatsarmeen var allment kjent, men kvar og når han verva seg er uklart. Han var uansett den einaste soldaten frå armeen til Sørstatane som vart utnemnd til domar i høgsteretten i landet.
Etter krigen studerte han rettsvitskap og innleia i 1868 yrkeskarrieren sin som advokat i New Orleans. I 1874 var han medlem av senatet til delstaten i Louisiana, og i perioden 1879 til 1880 var han medlem av den høgaste domstolen i delstaten. Han var òg medlem av Senatet for Louisiana i perioden 1891 til 1894, før han deretter forlét embetet etter at president Grover Cleveland utnemnde han til domar i høgsteretten.
Då dåverande høgsterettsjustitiarius Melville Fuller døydde i juli 1910 og White vart utnemnd til ny justitiarius av president William Howard Taft. Denne utnemninga var kontroversiell sidan Taft sjølv var republikanar medan White var demokrat. Han vart generelt sett på som ein konservativ dommar i virket sitt i høgsteretten, og dom justitiarius forstava han presidenteiden for både Woodrow Wilson (to gonger) og Warren G. Harding. Då White sjølv døydde i mai 1921 vart han etterfølgd av William Howard Taft.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edward Douglass White» frå Wikipedia på bokmål, den 10. august 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Highsaw, Robert B. (1981) Edward Douglass White: Defender of the Conservative Faith, Baton Rouge, LA: Louisiana State University Press, ISBN 0807124281.
- Pratt, Walter F. (1999) The Supreme Court Under Edward Douglass White, 1910–1921. Columbia, SC: University of South Carolina Press. ISBN 1570033099.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Originaltekst av Edward Douglass White ved Wikisource. |
- Whites biografi ved bioguide.congress.gov
- Supremecourthistory.org – Edward Douglas White, 1910-1921 Arkivert 2010-04-10 ved Wayback Machine. (Biografien til White hos The Supreme Court Historical Society)