Hopp til innhald

Ediktet i Potsdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ediktet i Potsdam

Ediktet i Potsdam var eit edikt om religiøs toleranse utskrive den 29. oktober 1685 av den store brandenburgske kurfyrsten, Fredrik Vilhelm. Det tilbaud hugenottane, som vart forfølgt i Frankrike på grunn av religionen sin, fritt og sikkert opphald i Brandenburg. Flyktningane mottok dessutan generøse privilegium, som skatte- og tollfridom og støtte for næringsverksemd og løn av presten deira av kurfyrstedømet.

Bakgrunnen for ediktet var den fornya forfølginga av hugenottar etter at ediktet i Nantes vart trekt tilbake av den franske kongen den 18. oktober 1685.

Kring 20 000 franske hugenottar tok imot tilbodet frå Brandenburg og slo seg ned der. Ediktet bidrog vesentleg til å hjelpe å byggje opp att næringslivet i Brandenburg etter øydeleggingane under trettiårskrigen, og la grunnsteinen for den seinare makta til kongedømet Preussen. Gjennom den franske immigrasjonen steig folkesetnaden i Berlin med ein tredjedel.

Reformasjonsminnesmerket i Genève minner om den brandenburgske mottakinga av hugenottiske flyktningar.