Hopp til innhald

Elva Spui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spui
elv
Kart
Elva Spui
51°48′44″N 4°19′03″E / 51.812222222222°N 4.3175°E / 51.812222222222; 4.3175
Wikimedia Commons: Spui (river)

Spui er ei lita tidvasselv i Zuid-Holland i Nederland, mellom øyane Voorne-Putten og Hoekse Waard. Tidlegare var ho ei grein av Oude Maas ved byen Oud-Beijerland som enda estuaret Haringvliet, men som følgje av Deltaprosjektet renn vatnet no andre vegen.

Det er ingen bruer eller tunnelar som kryssar Spui, men ei bilferje går frå Hekelingen (Spijkenisse kommune) til Nieuw-Beijerland (Korendijk kommune), og ein passasjerbåt går mellom Oud-Beijerland og Rhoon (i Albrandswaard).