Elias Trætteberg
Utsjånad
Elias Trætteberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. mars 1864 |
Død |
28. november 1951 (87 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Elias Trætteberg (11. mars 1864–28. november 1951) var ein norsk skulemann og politikar frå Løten. Tingperioden 1919-21 representerte han Høgre i Hamar og Kongsvinger på Stortinget.
Han var son til ein gardbrukar i Rogstad krins i Løten. Trætteberg tok eksamen ved Hamar seminar i 1884. Sidan var han lærar i folkeskulen i Hamar, skuleinspektør 1922-34. Tida 1898-1922 var han også kyrkjesongar.
Frå 1886 var han medredaktør i Norsk skoletidende og deretter eineredaktør i perioden 1918-34. Deretter var han medredaktør i Norsk Skuleblad fram til 1938.
Perioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Hamar og Kongsvinger på Stortinget, der han var medlem av kyrkje- og skulekomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914