Hopp til innhald

Folkeminne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Folklore)
Illustrasjon til eventyret om Oskeladden og dei gode hjelparne

Folkeminne eller folklore er nemningar på kulturelle tradisjonar som er overleverte blant folk i munnleg form. Skikkar, tru og folkedikting som ordtak, folkeviser og vandresoger er døme på folkeminne. Forsking på folkeminne kallar ein folkeminneforsking eller folkloristikk.

Omgrepet «folkeminne» er ei omsetjing av tysk Volkskunde. Den engelske nemninga folklore tyder også eigentleg 'folkekunne'. Denne nemninga blei av W. J. Thoms i 1846 for å avløysa omgrepet popular antiquities.