Hopp til innhald

Filioque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Filioque er eit tillegg i den den nikenske truvedkjenninga. Truvedkjenninga var opphavleg skriven på gresk, men fekk eit tillegg då ho blei omsett til latin:

Utdrag frå vedkjenninga:
Gresk tekst Latinsk tekst
Καὶ εἰς τὸ Πνεῦμα τὸ Ἅγιον, τὸ κύριον,
(καὶ) τὸ ζωοποιόν,
τὸ ἐκ τοῦ πατρὸς ἐκπορευόμενον,
τὸ σὺν πατρὶ καὶ υἱῷ συμπροσκυνούμενον καὶ
Et in Spíritum Sanctum, Dóminum et vivificántem:
qui ex Patre Filióque procédit.
Qui cum Patre et Fílio simul adorátur et conglorifícatur:
qui locútus est per prophétas.
Norske omsetjingar
Vi trur på Den heilage ande,
som er Herre og gjer levande,
som går ut frå Faderen,
som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen,
og som har tala gjennom profetane.
Vi trur på Den heilage ande,
som er Herre og gjer levande,
som går ut frå Faderen og Sonen,
som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen,
og som har tala gjennom profetane.

No ser ikkje dette så dramatisk ut med først augekast, men eit slikt tillegg får store konsekvensar for kristologien. Dersom Anden går ut av Faderen aleine, så betyr det at Anden kan «gjere levande» utan Sonen. Det betyr at menneske kan bli «kristne» sjølv om dei ikkje har høyrt om Jesus Kristus.

Filioque passa betre inn i vestkyrkja sin teologi (spesielt kyrkjefedrane Augustin og Tertullian) , medan austkyrkja berre godkjente den greske teksten som autoritativ. Dette var med å danne ein strid mellom aust og vest og i 1054, då kyrkja delte seg, blei Filioque halden fram som ein av hovudgrunnane.

Trylleformelen «hokus pokus filiokus» har opphav i formuleringa.