Französische Suiten
Französische Suiten (Franske suitar), BWV 812-817, er ei samling av seks suitar som Johann Sebastian Bach skreiv for klaver (cembalo eller klavikord) mellom 1722 og 1725.[1]. Suitane vart seinare gjeven namnet «Fransk» (først nytta av Friedrich Wilhelm Marpurg i 1762) for å skilje dei frå Englische Suiten. Namnet vart popularisert av Bach-biografen Johann Nikolaus Forkel, som skreiv i biografien sin om Bach frå 1802, «Ein kallar dei vanlegvis Franske Suitar fordi dei vart skriven på ein fransk måte.»[1] Dette er derimot ein upresis påstand. Som dei andre suitane til Bach, følgjer dei i stor grad den italienske forma.[2].
Det finst ikkje noko original manuskript av desse suitane og ornamenteringa varierer frå kopi til kopi.[1]
To tilleggssuitar, ein i a-moll (BWV 818), og ein annan i Ess-dur (BWV 819), er knytt til dei kjende seks suitane i nokre manuskript. Ouverture i fransk stil, BWV 831, som Bach publiserte som den andre delen av Clavier-Übung, er ein suite i fransk stil, men som ikkje er knytt til Franske suitar.[3]
Dei franske suitane
[endre | endre wikiteksten]Suite No. 1 i d-moll, BWV 812
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om suitane 1-4 er typisk datert til 1722, er det mogeleg at denne suiten vart skriven noko tidlegare.[1]
Suite No. 2 i c-moll, BWV 813
[endre | endre wikiteksten]- Allemande
- Courante
- Sarabande
- Air
- Menuett
- Menuett - Trio (i BWV 813a)
- Gige
Suite No. 3 i h-moll, BWV 814
[endre | endre wikiteksten]- Allemande
- Courante
- Sarabande
- Menuett
- Trio
- Anglaise—Bach kalla opphavleg denne satsen Gavotte (ein dans som liknar mykje på Angloise). Han kan ha endra namnet fordi satsen manglar den karakteristiske oppslaget til gavotten.[1]
- Gige
Suite No. 4 i Ess-dur, BWV 815
[endre | endre wikiteksten]- Allemande
- Courante
- Sarabande
- Gavotte
- Air
- Gige
Suite No. 5 i G-dur, BWV 816
[endre | endre wikiteksten]Dei første taktane I denne suiten vart skriven I 1722, men ikkje gjort ferdig før i 1723.
Suite No. 6 i E-dur, BWV 817
[endre | endre wikiteksten]- Allemande
- Courante
- Sarabande
- Gavotte
- Polonese
- Bourrée
- Menuett
- Gige
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «French Suites, BWV 812-817» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Franske Suitar: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Franske suitar på Mutopia Project (gratis notar)