Fundamentalistisk kristendom
Fundamentalisme er ei evangelisk kristen rørsle som oppstod i USA rundt 1900. Fundamentalisme er eigentleg berre klassisk protestantisme kokt ned til 5 punkt, dei 5 fundamenta. Desse er:
- Bibelen har ingen feil
- Jomfrufødsla og Jesu guddom
- Jesus døydde i menneska sin stad som soning for syndene deira. Frelsa kjem gjennom Guds nåde og menneska si tru
- Jesu lekamlege oppstode
- Jesu mirakel var ekte (enkelte erstatta seinare dette med trua på at Jesu atterkome skulle skje før tusenårsriket)
Om ordet i daglegtala
[endre | endre wikiteksten]På 1980-talet gav den liberalteologiske lutherske teologen Martin E. Marty ut The Fundamentalism Project der han stempla motstandarane sine som fundamentalistar, anten dei var einige med dei fem fundamenta eller ikkje, og media starta å kalle ekstremistiske muslimar for fundamentalistar. Sjølv om både fundamentalistar (i den originale tydinga) og dei som no vart stempla som det protesterte, fortsette bruken og meininga av ordet å skli ut.
Lære
[endre | endre wikiteksten]Sidan desse fem punkta er alt ein treng vera einig i for å kunne kalle seg fundamentalist, er det umogleg å visa til ei felles lære, men enkelte lærepunkt er utbreidde blant amerikanske fundamentalistar. Eit av desse punkta er trua på at Jesus kjem att før tusenårsriket, her i Noreg gjort populær gjennon bokserien Latt tilbake. Eit anna er trua på at det er 1611-utgåva av King James-bibelen (minus apokryfane) som er den beste Bibelomsetjinga. Ein tek avstand frå alle andre grunntekstar enn Textum receptum for det nye testamentet, og dei jødiske tekstane for det gamle.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |