Koking
Utsjånad
Koking er eit fenomen som skjer når ei væske vert varma opp så høgt at det blir utvikla damp i det indre av væska. Dampen stig opp som bobler som set væska i rørsle. Skal bobla kunne dannast, må damptrykket vere så stort som trykket frå væska og lufta over dei til saman. Det blir det først ved kokepunktet. Er det luft løyst i vatn, blir bobledanninga lettare, men lufta går ut med bobla.
Koking er mellom anna ein utbreidd matlagingsmetode som vert nytta både for fast og flytande føde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- koking – fysikk. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/koking/fysikk