Hopp til innhald

Kadettpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kadettpartiet

LandDet russiske imperiet
Partileiar(ar)Pavel Miljukov
GrunnleggjararPavel Miljukov
Grunnlagt18. oktober 1905 (Julian)
Nedlagt28. november 1917 (Julian)
HovudkvarterSt. Petersburg
IdeologiSosialliberalisme, parlamentarisk system, Konstitusjonalisme, pluralisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme, sentrum-venstre
Pavel Miljukov, ein framtredande leiar av Kadettpartiet

Kadettpartiet (av K.D., for Det konstitusjonelt-demokratiske partiet) var eit politisk parti i Russland som vart grunnlagt av liberalarar i oktober 1905 under leiing av historikaren Pavel Miljukov. Partiet tok til orde for avskaffing av eineveldet og at det skulle innførast eit konstitusjonelt monarki. Kadettpartiet spela ei framtredande rolle i avspenninga som følgde 1905-revolusjonen og var den største grupperinga i Dumaen etter vala i 1906 og 1907. Dei vart inviterte til å vere med i regjeringa av statsminister Sergej Witte, men dei radikale krava deira gjorde dette umogleg. Det hatske angrepet frå Miljukov mot statsminister Boris Stürmer i Dumaen i november 1916, bidrog til at sistnemnde fall, og dette styrkte dei revolusjonære straumingane i landet. Etter februarrevolusjonen i 1917 var partiet hovudaktøren i den provisoriske regjeringa. Miljukov hadde posten som utanriksminister, og partivenen hans Georgij Lvov vart utnemnd til statsminister. Etter juliuroa i 1917 vart Lvov tvinga til å gå av, og det skjedde ei maktforskyving til fordel for Aleksandr Kerenskij som stod for dei mest radikale kreftene i regjeringa. I desember 1917, etter at bolsjevikane hadde teke makta i oktoberrevolusjonen, vart partiet forbode, og det verka deretter i eksil frå Paris.

  • Denne artikkelen var opphavleg basert på «Kadettpartiet» på Wikipedia på svensk, innhenta 20. november 2009.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kadettpartiet