Kameleonen
Kameleonen | |
---|---|
Latinsk namn | Chamaeleon |
Forkorting | Cha |
Genitivsform | Chamaeleontis |
Symbologi | Namngitt av Bayer |
Rektasensjon | 11 h |
Deklinasjon | −80° |
Areal | 132 kvadratgrader nr. 79 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | γ Cha (4,1. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +0° og −90° | |
Kameleonen (frå latin Chamaeleon) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart først definert på 1500-talet.
Kjende objekt
[endre | endre wikiteksten]Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Det er fire lyssterke stjerner i Kamelonen. Alfa Chamaeleontis er ei kvitfarga stjerne med storleiksklasse 4,1, 63 lysår frå jorda. Beta Chamaeleontis er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 4,2, 27 lysår frå jorda. Gamma Chamaeleontis er ei raud kjempestjerne med storleiksklasse 4,1, 413 lysår frå jorda. Dei andre lyssterke stjernene i Kamelonen er Delta Chamaeleontis, ei vid dobbeltstjerne. Den lyssterke stjerna Delta2 Chamaeleontis er ei blå stjerne med storleiksklasse 4,4, 364 lysår frå jorda. Delta1 Chamaeleontis, den meir lyssvake komponentente, er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 5,5, 354 lysår unna.[1]
Cha 110913 ligg i Kamelonen, ei unik dvergstjerne eller proto-solsystem.
Djupromsobjekt
[endre | endre wikiteksten]I 1999 vart det oppdaga ein nærliggande open hop kring stjerna η Chamaeleontis. Gruppa, kjend anten som Eta Chamaeleontis-hopen eller Mamajek 1, er 8 million år gammal og ligg 316 lysår frå jorda.[2]
Stjernebiletet har fleire molekylskyar (Kamelonen-komplekset) som dannar T Tauri-stjerner med låg masser. Skykomplekset ligg 400 til 600 lysår frå jorda, og inneheld titusenvis av solmassar med gass og støv. Den mest markante hopen av T Tauri-stjerner og unge klasse B-stjerner er i Kamelonen I-skya, og er knytt til refleksjonståka IC 2631.
Kamelonen har ei planetarisk tåke, NGC 3195, som er forholdsvis lyssvak. I eit teleskop har ho omtrent same tilsynelatande storleik som Jupiter.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chamaeleon» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2007), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4
- Staal, Julius D.W. (1988), The New Patterns in the Sky: Myths and Legends of the Stars, The McDonald and Woodward Publishing Company, ISBN 0-939923-04-1
- ↑ 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 116-117.
- ↑ Luhman, K.L. & Steeghs, D. 2004, ApJ, 6,9, 917