Kapellbil
Utsjånad
Kapellbil er ein lastebil med kapell, som er eit overbygg utført som ei ramme med ein tilpassa presenning over. Føremonen med kapell er at det lett kan opnast, eller fjernast. Ved å opna sidene vert det lett å koma til ved lasting og lossing, med for eksempel gaffeltruck. Kapellbilar vert ofte nytta for langt stykkgods som det er vanskeleg å lasta og lossa attanfrå. Ved å fjerna kapellet heilt vert bilen konvertert til ein lastebil med open platt (plattbil).
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ein Volvo FH12 med kapell både på bil og hengar.
-
Ein Mercedes-Benz 1820 kapellbil.
-
Ein Scania R420 med kapell.