Karin Moe
Utsjånad
Karin Moe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. desember 1945 (78 år) Skien kommune |
Yrke | skribent, litteraturkritikar |
Karin Moe (fødd 3. desember 1945) er ein norsk forfattar og litteraturkritikar, busett i Vedavågen. Moe skriv dikt, prosa og sjangeroverskridande tekstar; og ho blir skildra som «den forfattaren som i størst grad synest å realisere ein avantgardistisk praksis som overskrid så vel sosiale som estetiske grenser.»[1]
Moe har utgjeve bøkene Kjønnskrift, 1980; 39 FYK, 1983; KYKA/1984, 1984; Mordatter, 1985; Sjanger, 1986; Blove, 1990; Blove 2. bok, 1993; JO. Å lesa Bibelen 1995, 1995.
Ho mottok Mads Wiel Nygaards legat for 1990, og har òg motteke Dalgards kritikarpris. I 2013 fekk ho Doblougprisen.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 22:37.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Wenche Larsen: Gutane til avantgarden[daud lenkje] i Klassekampen, 19.3.2003
- ↑ «Doblougska priset» (på svensk). Svenska Akademien. 28. mai 2013. Henta 7. september 2017.