Kjønnskjertel
Utsjånad
Kjønnskjertel eller gonade er eit organ i forplantingssystemet som produserer kjønnsceller. Hjå nokre dyr blir det også danna kjønnshormon i gonadane. Det er rekna som eit primært kjønnsorgan. Gonadane utviklar seg frå eit ukjønna utgangspunkt i embryoet.
Hjå virveldyr er gonadane eggstokkar hjå hodyr og testiklar hjå hanndyr. Funksjonen til gonadane blir styrt av luteiniserande hormon (LH) og follikkelstimulerande hormon (FSH) som blir skild ut i adenohypofysen etter påverknad frå gonadoliberin som er kontrollert av hypotalamus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«gonade» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Gonad» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2011.