Hopp til innhald

Kreditor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kreditor (avleidd frå «kreditt») er ei nemning på nokon som har krav på ei yting. Vanlegvis bruker ein omgrepet om pengekrav, men ein er også kreditor om ein har krav på varer eller liknande — i desse høva kan kreditoren omtalast som realkreditor. Ved eit kjøp vil dimed seljaren vera kreditor i høve til kjøpesummen, medan kjøparen er kreditor i høve til varepartiet.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]